
Kulturhistoriske dagar 2018 på Voss
Voss sogelag sto for dei kulturhistoriske dagane og årsmøtet til Hordaland sogelag 2018. Leiar i Hardanger historielag, Marit Bleie Mannsåker og styremedlem Brita Jordal representerte styret vårt i år.
Voss sogelag sto for dei kulturhistoriske dagane og årsmøtet til Hordaland sogelag 2018. Leiar i Hardanger historielag, Marit Bleie Mannsåker og styremedlem Brita Jordal representerte styret vårt i år.
Årsmøtet vart greitt avvikla og Knut Farestveit vart attvald som leiar for eit nytt år. Hordaland Sogelag har ein god arbeidsplan og styret arbeider godt. Bømlo tur-og sogelag, Etne sogelag, Tysnes sogelag og Fjell kulturminnelag er representert i styret.
Vossingane hadde lagt opp eit svært kjekt program for dei 30 deltakarane frå 16 lokallag (av i alt 33) som var med. Vi gjekk over den legendariske Tintrabrua, fekk grundige orienteringar på Bergslitræet der dei kjende Bergslien-kunstnarane Brynjulf og Knut vaks opp, og vi hadde eit opplevingsrikt besøk i Hedleberget på Kyte.
http://www.hedlebergetvoss.no/
Dagen etter gav museumsstyrar Eirik Helleve ei lærerik og humoristisk omvising i Mølstertunet og presenterte den flotte 3D-modellen av Voss sentrum anno 1930, slik det såg ut før tyske bombefly øydela store deler av Vossevangen. Vi kan trygt slå fast at Voss har mange og varierte besøksmål for kulturinteresserte. Sjå sjølv på nettsidene.
https://www.visitvoss.no/kva-skjer/ope-pa-bergslitraeet-p3420733
Til sist vil vi oppmoda medlemene våre om å følgja med på nettsida til Hordaland sogelag der dei annonserer turar for kvar sommarsesong. Årets tur går til Scottland og Shetland og er diverre alt fullteikna.
Brita Jordal
Årboka Hardanger 2020 er ute
Alle medlemer får ho i posten. Om nokon saknar ho eller har fått ny adresse i det siste, ber vi dykk senda e-post eller ringa oss. Og dei som har fått lyst til å bli medlemer kan melda seg inn her på sida. Kostar berre 100,- for første år, altså 2020. Årboka får du då...
Ei krafthistorisk vandring i Ålvikfjellet
Hardanger Historielag har dei siste åra gått nye vegar for å formidla historie frå Hardanger. For fjerde gong skipa vi i år til tur for alle interesserte. Målet er å skapa interesse for lokalhistoria, visa at vi er eit aktivt historielag og gjerne få nokre nye...
Historisk kraftvandring i Ålvikfjellet
Søndag 30. august inviterer Hardanger Historielag og Kraftmuseet i Tyssedal til ein spanande tur i Ålvikfjellet. Tema er kraftutbygging i høgfjellet. Her finn vi kulturminne gjennom meir enn hundre år med kraftutbygging rundt Bjølsegrø-magasinet (863 m.o.h). Vatn...


