
Årboka Hardanger 2020 er ute
Alle medlemer får ho i posten. Om nokon saknar ho eller har fått ny adresse i det siste, ber vi dykk senda e-post eller ringa oss.
Og dei som har fått lyst til å bli medlemer kan melda seg inn her på sida. Kostar berre 100,- for første år, altså 2020. Årboka får du då tilsendt. Giro for neste år ligg ved boka.
Velkomen til historiekveld på Hotel Ullensvang, Lofthus, den 27. april
Hardanger Historielag og Hotel Ullensvang inviterer til historiekveld med Ingvil Bjørnæs: Frøken Storm og frøken Vildensky – to personlegdomar på Lofthus For mange år sidan var frøken Storm og frøken Vildensky to “kjendisar” på Lofthus. Frøken Storm var ein anerkjend...
Velkomen til årsmøte og kulturprogram
Sundag 22. mars 2026 på Hardanger Folkemuseum, inngang på baksida. Klokka 16.30 Årsmøte. Kaffi/te og enkel servering etter møtet. Klokka 17.30 Johild Mæland held føredrag med tittelen Roser, kunst og kroting. Føredraget er ope for alle interesserte, så ta gjerne...
Årboka HARDANGER 2025
Årboka var tidleg ferdig i år og er sendt ut til alle medlemer. Knut Markhus held fram som redaktør, men grafisk utforming er ved L J Aga Reklame i Granvin og trykkeriet er Printfarm AS i Øvre Årdal. Vi i styret håpar du er nøgd med produktet, men tek gjerne imot...


