Historisk kraftvandring i Ålvikfjellet

21.08.20 | Arkiv

Søndag 30. august inviterer Hardanger Historielag og Kraftmuseet i Tyssedal til ein spanande tur i Ålvikfjellet. Tema er kraftutbygging i høgfjellet. Her finn vi kulturminne gjennom meir enn hundre år med kraftutbygging rundt Bjølsegrø-magasinet (863 m.o.h). Vatn herifrå har gitt kraft til industriproduksjonen i Ålvik i meir enn hundre år.

Fossekampaniet A/S Bjølvefossen vart stifta alt i 1905, og i 1916 vart den første kraftstasjonen i Ytre Ålvik sett i drift. Anlegget er sidan bygd ut i etappar for å sikre nok vasskraft til Bjølvo kraftverk.

Mange spor etter tidlegare anlegg er no rydda vekk i fjellet. Før ryddinga dokumenterte Kraftmuseet (tidlegare Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum) i Tyssedal historia på oppdrag frå Statkraft. Prosjektleiar for dokumentasjonsarbeidet, Terje Kollbotn, er turleiar søndag 30.august. Han vil ha med seg Sigbjørn Ålvik og fleire informantar som vart intervjua i 2014.

Turen startar med frammøte ved butikken i Ålvik kl. 10.00 (tilpassa ferje frå Utne 9.30) der vi organiserer felles biltransport langs bomvegen frå Vikedal til Hedlerdalen, ca. 600 m.o.h. Derifrå blir det fottur til Bjølsegrø-dammen, Synken og til Toppen av den tidlegare trallebanen og røyrgata der vi får ein  fantastisk utsikt før retur langs anleggsvegen til bilane i Hedlerdalen. Avslutting i Ålvik sentrum seinast kl. 17.30. Vi reknar rundt 5 timars gange pluss tid til formidling av ei unik dam- og taubanehistorie, brakkeliv og vedlikehaldsarbeid.

Bindande påmelding på SMS til 901 39 984.

Ta med niste og ekstra klede og få med deg ein viktig del av Hardanger si anleggs- og krafthistorie, kombinert med ein flott fjelltur.

Kulturkvelden med Jørn Øyrehagen Sunde trekte fullt hus

Kulturkvelden med Jørn Øyrehagen Sunde trekte fullt hus

Det vart fullt hus og kraftig applaus i Espe Grannahus fredag 25. september. Nær hundre fekk oppleva Jørn Øyrehagen Sunde i eit svært fengslande og ofte humoristisk foredrag om den vonde Kari Knutsdatter og hennar samtid. Sunde fortalde om ein tidsperiode der folk var...

Velkomen til kulturkveld i Espe Grannahus

Velkomen til kulturkveld i Espe Grannahus

Fredag den 25. september kjem professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde til Espe. I 2025 gav han ut boka “Forsvarstale for eit vondt menneske - ei kvinnehistorie frå 1700-talet”. Denne historia utspelar seg i Sørfjorden. Øyrehagen Sunde er kjend som ein drivande...