Årsmøte
Årsmøte 2026
Referat frå årsmøte i Hardanger Historielag
den 22. mars 2026 kl 16.30 – 17.15 på Hardanger Folkemuseum, Utne
I alt 22 medlemer møtte. Møtepapir vart delte ut.
Sakliste
Sak 1 Velkomen
Leiar Gunnar I. Folkedal ynskte velkomen.
Sak 2 Godkjenning av innkalling
Ingen merknader, samrøystes godkjend.
Sak 3 Godkjenning av sakliste
Ingen merknader, samrøystes godkjend.
Sak 4 Val av møteleiar, skrivar og to medlemer til å skriva under møteboka.
Jon Larsgard vart vald til møteleiar, Brita Jordal til skrivar og Jarle Vangen og Marit Bleie Mannsåker til å underteikna møteboka. Samrøystes.
Sak 5 Årsmelding 2025
Skrivar las opp styret sitt framlegg til årsmelding.
Det kom ingen forslag til endring og årsmeldinga vart samrøystes godkjend.
Sak 6 Årsrekneskap 2025
Leiar las opp tala. Rekneskapen er gjort opp med eit overskot på kr 593,- (kr 3667,- i 2025). Balansen viser pr 31.12.2025 ein eigenkapital på kr 398.858,- (same som i 2024).
Rekneskapen vart samrøystes godkjend.
Sak 7 Budsjett og medlemspengar
Leiar la fram styret sitt framlegg til budsjett for 2026 på kr 330.000,-. Det er lagt inn ein auke i medlemspengar på kr 10,-, til kr 300,- pr år, for å kompensera auka utgifter til produksjon av årboka og nedgang i medlemstal / medlemspengar.
Budsjettframlegget vart samrøystes vedteke.
Sak 8 Val
Velnemnda ved Marit Bleie Mannsåker las opp valnemnda si innstilling. Gunnar I. Folkedal hadde sagt frå seg attval som leiar og framlegg til ny leiar var Sjur Tarjei Fykse.
Møteleiar leia deretter valet punkt for punkt, gjennomført ved akklamasjon.
Leiar: Sjur Tarjei Fykse, Kvam, ny, vald for 1 år.
Styremedlemer:
Jon Larsgard, Jondal, attval for 2 år.
Gunnar Ingvaldson Folkedal, Granvin, vald for 2 år.
Varafolk – valde for eitt år
- Agnete Siverten, Grimo / Ullensvang, attval, møter fast i styret.
- Anne Marie Øydvin, Ulvik, attval.
- Håkon Brattespe, Hovland / Ullensvang, attval.
Varafolk vart valde under eitt i tråd med innstilling.
Valnemnd til å førebu val i 2027
Etter framlegg frå styret vart desse valde:
Marit Bleie Mannsåker, (Ullensvang) attval, for 1 år
Harald Olav Aksnes, (Kvam) attval, for 2 år
Astrid Dale Vindal, (Granvin), ny, for 3 år.
Vara for 1 år: Jakob Bleie, attval.
Utsending til årsmøte i Hordaland Sogelag: Leiar eller den/dei som leiar delegerer til.
Etter årsmøtesakene orienterte Guttorm Rogdaberg om initiativ til eit Olafsen-seminar i Ullensvang / på Lofthus der Hardanger Historielag er ynskt som medarrangør. Tidspunkt for seminaret er ikkje bestemt og prosjektet er ikkje formelt etablert. Olaf Olafsen (1843–1932) hadde mange interessefelt. Mellom anna stifta han Hardanger Historielag og var lenge leiar og seinare æresmedlem. Randi Bårtvedt utfylte Guttorm med informasjon. Ho orienterte også om andre prosjekt som er under arbeid på Ullensvang prestegard og om stader/fond/stiftingar der ein kan søkja pengar til finansiering av seminar og prosjekt.
Odda, 24.3.2026
Brita Jordal – skrivar
Møteboka underskriven av:
Dato:
…………………………………… ……………………………………
Jarle Vangen Marit Bleie Mannsåker
Kl 17.30, etter årsmøtet, heldt kunstnar Johild Mæland foredraget “Roser, kunst og krot” – om dekormaling og kunst på treverk. Foredraget var særskilt annonsert ved fyldig avisomtale i Hardanger Folkeblad, i brev til medlemene, på Facebook og ved plakatar. Det var i alt 31 tilhøyrarar. Ca 10 kom til foredraget som vart svært godt motteke. Det var gratis inngang.
ÅRSMELDING 2025 FOR HARDANGER HISTORIELAG
Årsmøtet for Hardanger historielag 2025 vart halde den 23. mars kl. 16.30 – 17.20 på Hardanger Folkemuseum, Utne. Det var 11 medlemer til stades. Årsmøtesakene vart samrøystes vedtekne.
Styret har vore
Gunnar Ingvaldson Folkedal, Granvin, attvald leiar for 1 år.
Brita Træbakken, Kvam, styremedlem (ikkje på val i 2025).
Jon Larsgard, Jondal, Ullensvang, nestleiar (ikkje på val i 2025).
Reidar Øygard, Ullensvang, styremedlem, attvald for 2 år i 2025.
Brita Jordal, Odda, skrivar, attvald styremedlem for 2 år i 2025.
Varamedlemer valde for 1 år
- Agnete Sivertsen, Grimo, Ullensvang. Møter fast i styret.
- Anne Marie Øydvin, attvald, Ulvik.
- Håkon Brattespe, Hovland, ny, Ullensvang.
Valnemnd til 2026, valde på årsmøtet
Helena Kjepso, attval for 1 år
Marit Bleie Mannsåker, attval for 2 år
Harald Olav Aksnes, ny, for 3 år
Vara for 1 år: Jakob Bleie
Redaksjon for årboka «Hardanger» 2025
Knut Markhus har vore engasjert som redaktør og Harald Hognerud som biletredaktør.
Styrearbeidet i meldingsåret
- Det er halde 3 styremøte, alle på Hardanger Folkemuseum. 26 saker handsama.
- Ajourføring av postadresser og e-postadresser til medlemene har halde fram. Rette adresser for utsending av årbok og info til medlemene har gitt resultat i form av ferre returnerte bøker. Leiar tek seg av sal av eldre årbøker frå lager.
- Revisjon av vedtekter og retningsliner for støtte til lokalhistorisk arbeid er sluttført. Reviderte tekstar er publiserte på laget si nettside. Føremålet «I tillegg bør laget prenta eller gje stønad til å prenta opp att gamle skrift, bøker og liknande» er endra til «Laget kan òg gje økonomisk stønad til anna historiearbeid.»
- Styret har i 2025 inngått nye avtalar for produksjon og utsending av årboka Hardanger. Tidlegare avtale vart avslutta grunna pensjonering. Redaktør henta inn fire tilbod i samråd med leiar. Firmaet L. J. Aga i Granvin har stått for utforming/sats og Printfarm AS i Øvre Årdal i samarbeid med Merkur grafiske har utført grafisk produksjon, innbinding og utsending. Styret la vekt på lokal / norsk produksjon i alle ledd framfor lågaste pris. Samarbeidet har fungert bra.
- Laget er invitert til å vera med i ressursgruppa for ny Kulturmiljøplan for Ullensvang kommune og har møtt på to orienteringsmøte. Tre styremedlemer har utgjort eit “gjestebod” som har sendt eit innspel på vegne av historielaget.
- Styret i samarbeid med firmaet Glynt i Øystese starta undersøking om årboka kan distribuerast digitalt til medlemer som ønskjer ei slik løysing framfor ei trykt bok som tar plass i bokhylla.
- Leiar var utsending til Hordaland sogelag sine lokalhistoriske dagar og årsmøte.
Heimesida
Nettadressa vår har adresse www.hardanger-historielag.no. Nettstaden fungerer bra på PC, nettbrett og smarttelefon. Det er lett å melda seg inn for nye medlemer. Arrangement, utlysingar og informasjon blir gjort kjende under fana «Nyhende”. Årsmeldingar tilbake til 1999 er lagt ut og kontaktopplysningar blir ajourført. Opplysningar om eldre bøker og hefte er lett tilgjengeleg under Bibliografi. Sidene har link til Nasjonalbiblioteket (nb.no) der alle artiklane i årbøkene til og med 2017 kan søkjast på i fulltekst og lesast.
Støtte til lokalhistorisk arbeid
Søknadsfristen er flytta til 1. oktober og heimesida har revidert informasjon om dette. Styret valde å ikkje lysa ut prosjektmidlar i lokalavisene då det låg an til underskot i høve til driftsbudsjett. Posten for støtte vart sett til null. Det kom ingen søknadar.
Tilskipingar
Etter årsmøtet på Utne heldt Åse Teigland og Arne Fykse frå Hardanger folkemusikksamling ei orientering om arbeidet og det nystarta dokumentasjonsprosjektet for spel, song og dans. Dei baud òg på felespel. Historielaget gav i 2024 ein stønad på kr 10.000 til prosjektet.
Tysdag 23. september inviterte vi alle interesserte til omvising og lunsj i Viketunet i Jondal. Olaug Værland viste om i utvandrarutstillinga som var laga i høve utvandrarjubileet og Aktivitetslaget i tunet sto for matservering. Arrangementet samla omlag 30 personar og var vellukka. Medlemene våre fekk invitasjon på e-post, det var omtale i grupper på Facebook, plakatar i Jondal og notis i lokalavisa.
Facebook
Laget si Facebookside har også i 2025 hatt 38 innlegg i alt, eigne og delte. Sida er viktig for kunngjeringar, profilerering og verving. Årboka og utsalsstader blir kunngjort her og vi lagar smakebitar frå artiklane. Eigne innlegg vert delt i lokale grupper når det passar, og vi deler museum og andre sine innlegg og arrangement.
Økonomi
Årsrekneskapen for 2025 viser ei samla omsetning på kr 326 056,- og eit underskot på kr 1.480,-. Det var budsjettert med kr 0,- Balansen viser pr. 31.12.2024 ein eigenkapital på kr 396 598,- (398 078).
Rekneskapsførar
Fonna Økonomi AS ved Jakob Bleie tek seg av rekneskapen og samlar inn / held orden på medlemer, adresser og e-postadresser. Rekneskapsførar og leiar samarbeider tett.
Årboka Hardanger
Årboka 2025 er innbunden, har 204 sider og 11 illustrerte artiklar frå alle delar av Hardanger. Boka har 12 annonsesider medrekna baksida og 6 sider med meldingar og referat frå laget. Årboka kostar kr 310 i laussal. Opplaget har vore 1250 eksemplar, same som året før. Utsending var tidleg i november. Trykte plakatar profilerer boka ved mange av dei 14 utsala.
I rekneskapen er der fakturert meir sal enn i 2024. Men i det ligg det og sal av årbok 2024, gjennom året og fakturering av bøker som forhandlarane ikkje har selt, som ligg tilsals i 2026.
Medlemstal
Det var i slutten av meldingsåret registrert 771 medlemer i Hardanger historielag, mot omlag 800 året før. Det er rydda i medlemslistene og det er ved årsskiftet 733 betalande medlemer, medrekna folkebibliotek og lokale museum. Skulane, tre avisredaksjonar og nokre arkiv får gratiseksemplar og er rekna som ikkje betalande medlemer. Medlemsmassen har høg gjennomsnittsalder. Det har vore 19 innmeldingar og omlag 41 utmeldingar ved dødsfall og aktive utmeldingar. Alle melder seg inn via heimesida. Vi oppmodar til medlemskap i personlege møte, under arrangement og via Facebook.
Styret for Hardanger Historielag