
Bli med Hardanger Historielag til Viketunet i Jondal
Tid: Tysdag 23. september kl 12:00–14.30. NB! Påmelding innan 18.09. grunna mat.
Det finst mange interessante historier om folk som har utvandra til Amerika. Viketunet i sentrum av Jondal har i sommar hatt ei spesiell utstilling i samband med Utvandrarjubileet. Eit imponerande arbeid er gjort i samarbeid mellom Aktivitetslaget i tunet, elevar ved Jondal skule og andre lokale informantar. Utstillinga viser også mange spesielle åkle. Mange av dykk har sikkert alt lese om dette i Hardanger Folkeblad eller Hordaland Folkeblad.

Olaug Værland
Sommarsesongen er over, men Olaug Værland og Aktivitetslaget har invitert oss til eit eige opplegg og ei trivelege stund i Jondal. Olaug vil fortelja om utstillinga og nokre utvandrarhistorier frå Jondal, vi får servert god lunsj (lapskaus, kaffi/kaffimat) og vi får tid til prat og til å sjå oss om i Viketunet.
Pris for inngang og mat: kr 230,-. Betalast med Vipps til Viketunet aktivitetslag 834953.
Bindande påmelding innan 19. september til Jon Larsgard: SMS/telefon 928 43 671 eller [email protected]. Ope for alle interesserte, medlemer av historelaget og andre.
Helsing styret i Hardanger Historielag
v/ Brita Jordal
Foto: Maren Espedal Mille
Årboka Hardanger 2020 er ute
Alle medlemer får ho i posten. Om nokon saknar ho eller har fått ny adresse i det siste, ber vi dykk senda e-post eller ringa oss. Og dei som har fått lyst til å bli medlemer kan melda seg inn her på sida. Kostar berre 100,- for første år, altså 2020. Årboka får du då...
Ei krafthistorisk vandring i Ålvikfjellet
Hardanger Historielag har dei siste åra gått nye vegar for å formidla historie frå Hardanger. For fjerde gong skipa vi i år til tur for alle interesserte. Målet er å skapa interesse for lokalhistoria, visa at vi er eit aktivt historielag og gjerne få nokre nye...
Historisk kraftvandring i Ålvikfjellet
Søndag 30. august inviterer Hardanger Historielag og Kraftmuseet i Tyssedal til ein spanande tur i Ålvikfjellet. Tema er kraftutbygging i høgfjellet. Her finn vi kulturminne gjennom meir enn hundre år med kraftutbygging rundt Bjølsegrø-magasinet (863 m.o.h). Vatn...


