Årsmøte

Årsmøte 2024

Referat frå årsmøte i Hardanger Historielag

den 7. april 2024 på Hesthamar skrivargard, Hesthamar

I alt 17 medlemer møtte, medrekna styremedlemer.

Saksliste

Sak 1 Velkomen
Leiar Gunnar I. Folkedal, ynskte velkomen.

Sak 2 Godkjenning av innkalling
Ingen merknad, samrøystes godkjend.

Sak 3 Godkjenning av saklista
Ingen merknad, samrøystes godkjend.

Sak 4 Konstituering – val av ordstyrar og skrivar
Gunnar I. Folkedal vart vald til møteleiar og Brita Jordal til skrivar, samrøystes.

Sak 5 Val av to medlemmer til å skriva under møteboka
Etter framlegg vart Inge Reinsnos og Jakob Eitrheim valde.

Sak 6 Årsmelding 2023
Skrivar las opp styret sitt framlegg til årsmelding.
Ingen merknadar til endringar i meldinga; samrøystes godkjend.

Sak 7 Årsrekneskap 2023
Møteleiar las opp tala og kommenterte at det er tilstreba god kontroll med økonomien. Rekneskapen vert lagt fram med eit overskot kr 29 174,-. Balansen viser pr. 31.12.2023 ein eigenkapital på kr 395.449,- mot 366.275,- året før.
Rekneskapen samrøystes godkjend.

Sak 8 Budsjett 2024
Møteleiar la fram styret sitt framlegg til budsjett på kr 329 000. Det er lagt inn ein auke i medlemspengar på kr 10.
Budsjettframlegget vart samrøystes godkjent.

Sak 9 Val
Leiar i valnemnda, Marit Bleie Mannsåker, la fram valnemnda si innstilling. Valet vart deretter gjennomført ved akklamasjon, punkt for punkt i tråd med innstillinga.

Leiar: Gunnar I. Folkedal, vald for 1 år.
Styremedlemer:
Brita Træbakken, Kvam, attval for 2 år.
Jon Larsgard, Jondal, Ullensvang, ny for 2 år.
(Reidar Øygard og Brita Jordal er ikkje på val til styret dette året.)

Varafolk – for eitt år.

  1. Agnete Sivertsen, Grimo, Ullensvang, ny, skal møta fast
  2. Anne Marie Øydvin, ny, Ulvik
  3. Otto Galtung, Jondal, Ullensvang

Varafolk valde under eitt i tråd med innstillinga frå valnemnda.

Valnemnd for å førebu val i 2025
Etter framlegg frå styret vart desse valde:

Hildeborg Dalaker, attval for 1 år­­­
Helena Kjepso, attval for 2 år
Marit Bleie Mannsåker, ny for 3 år
Vara for 1 år: Jakob Bleie

Utsending til årsmøte i Hordaland Sogelag: Leiar eller den som leiar delegerer til.

Odda, 16.4.2024
Brita Jordal – skrivar

Årsmeldinga underskriven av:

——————————————-                  —————————————-

Inge Reinsnos                                                          Jakob Eitrheim

 

Etter årsmøtet takka leiaren Torgeir T. Alsåker, Vines, Ullensvang, for sitt arbeid i styret gjennom fire år og overrekte keramikkruset med Hardanger Historielag sin logo.

Hans Hellevang, Bu, Eidfjord, gjekk ut som fast vara til styret. Han var ikkje til stades og får overrekt kruset i ettertid.

 

ÅRSMELDING 2023 FOR HARDANGER HISTORIELAG

Årsmøte for Hardanger historielag 2023 vart halde på Hardanger folkemuseum Utne, den 19. mars med 24 medlemer til stades. Årsmøtesakene vart samrøystes vedtekne. 

Styret har vore:
Gunnar Ingvaldson Folkedal, Granvin, attvald som leiar for 1 år.
Torgeir T. Alvsåker, Ullensvang, nestleiar, ikkje på val i 2023.
Brita Jordal, Ullensvang, skrivar, attvald som styremedlem i 2023.  
Brita Træbakken, Kvam, styremedlem, ikkje på val i 2023.
Reidar Øygard, Ullensvang, styremedlem, vald for 2 år i 2022. 

Varamedlemer valde for 1 år:

  1. Hans Hellevang, Eidfjord (møter fast)
  2. Olav Hovland, Ullensvang.
  3. Otto Galtung, Ullensvang.

Valnemnd
Etter framlegg frå styret vart desse valde:

Marit Bleie Mannsåker, attval, for 1 år
Hildeborg Dalaker, attval, for 2 år­­­
Helena Kjepso, ny, for 3 år
Vara for 1 år: Turid Olsen Nå

Redaksjon for årboka «Hardanger» 2023
Knut Markhus har vore redaktør og Harald Hognerud biletredaktør.

Styrearbeidet i meldingsåret
Det er halde 2 styremøte i meldingsåret, båe på Hardanger Folkemuseum. Det er handsama 16 saker. Ajourføring av postadresser til medlemene held fram, det same gjeld innsamling av medlemene sine e-postadresser.

Hardanger Historielag sitt lager av tidlegare utgitte årbøker og monografiar er rikhaldig med unntak av enkelte år. Sal av eldre bøker skjer mest via heimesida til laget eller ved telefon til leiar.  

Leiar var utsending til Hordaland sogelag sine lokalhistoriske dagar og årsmøte på Askøy, med Askøy museumslag som vert. Torgeir T. Alvsåker representerte laget ved 300-årsmarkeringa for Hesthamar skrivargard og overrekte årbøker der det er artiklar om Skrivargarden.

Heimesida
Nettadressa vår er www.hardanger-historielag.no. Det er lett å melda seg inn for nye medlemer via heimesida. Arrangement, utlysingar og informasjon blir gjort kjent under fana «Nyhende». Årsmeldingar tilbake til 1999 er lagt ut. Opplysningar om eldre bøker og hefte er lett tilgjengeleg. Sidene har link til Nasjonalbiblioteket (nb.no) der årbøkene fram til og med 2017 kan lesast i fulltekst.

Støtte til lokalhistorisk arbeid
Tilbodet vart kunngjort på heimesida og Facebooksida med søknadsfrist 1. mars. Det kom inn berre ein søknad og Kvam mållag fekk tildelt kr 10 000 til eit fleirårig dialektprosjekt. To prosjekt søkte etter fristen, men kan koma att med fullstendige søknadar.

Tilskipingar
Det har vore fleire tilskipingar i 2023: I samband med årsmøtet i mars heldt Aud Mari Eitrheim ei orientering om Hesthamar Skrivargard og om prosjektet “Rettsløype – ei reise gjennom rettshistorie i Hardanger”. Svein Ove Duesund, Marie Elisabeth Skutlaberg og Randi Jåstad orienterte om Kvam Mållag sitt prosjekt om Strandebarmsdialekten.

I april gjennomførte vi i samarbeid med Kraftmuseet og Sentralbadet Litteraturhus i Odda, temadagen «Hotell i særklasse»; om arkitekt Jess og Hotel Hardanger. Føredragshaldarar var Edvard Faleide, Mads Ramstad, Tor Henrik Mannsåker og Jon Låte. Brita Jordal ved Kraftmuseet var programleiar. Den kulturelle spaserstokken i Ullensvang løyvde kr 15 000. Dagen samla fullt hus med 81 deltakarar  (50 betalande og 31 inviterte / medverkande).

I september samarbeidde vi med Hesthamar skrivargard gjennom å støtta annonsering av programmet Kvardag og rettssaker på Hesthamar på 1700-tallet med Jørn Øyrehagen Sunde. Diverre vart det avlysing grunna sjukdom.

I desember samarbeidde vi med Norheimsund bibliotek og Hardanger Fartøyvernsenter. Redaktør Knut Markhus presenterte årboka 2023 og Heidi Richardson heldt  kåseri om «ferjereiser – ein del av kvardagen i Hardanger» som ho òg har skrive artikkel om i årboka 2023. Om lag 20 deltakarar, gratis inngang. Brita Træbakken og leiar representerte styre i HH.

Facebook
Aktiviteten på laget si Facebookside er ujamn gjennom året, men sida er viktig for kunngjeringar og  profilering. Utsalsstader for årboka er kunngjort her og smakebitar frå alle 13 artiklane vart publisert rundt juletider.

Økonomi
Årsrekneskapen for 2023 viser ei samla omsetning på kr 341.805,- og eit overskot på kr 29.174,- Det var budsjettert med eit underskot på 3.000,-. Balansen viser pr. 31.12.2023 ein eigenkapital på kr 395.449,- (366.275,-)

Rekneskapsførar
Fonna Økonomi AS ved Jakob Bleie tek seg av rekneskap og fakturering.

Årboka Hardanger
Årboka 2023 er innbunden, har 208 sider, 10 annonsesider inklusive baksida og 7 sider med meldingar og referat frå laget. Boka kostar kr 310 i laussal og opplag er 1250 eksemplar, det same som føregåande år. Årboka 2023 er variert med 13 illustrerte artiklar frå alle delar av Hardanger. Utsending til medlemene frå Fagbokforlaget var medio november. Plakatar profilerer årboka ved utsalsstadene. Boka har selt bra i butikkar/bokhandlar og ved tinging via heimesida eller direkte til leiar. Diverre må vi konstatera at det med unntak av Hordaland Folkeblad, no er mindre grundig omtale av årboka i lokalavisene. Leiar har også dette året køyrt ut bøker til utsalsstadane, ført kontroll og følgt opp salet, eit tidkrevjande og svært viktig arbeid.

Medlemstal:
Det var i meldingsåret 815 (824) medlemer i Hardanger historielag. Av desse er ca. 790 betalande medlemer. Medlemstalet har i 2023 har minka med 9.

Styret for Hardanger historielag.