Årsmøte

Årsmøte 2025

Referat frå årsmøte i Hardanger Historielag

den 7. april 2025 kl. 16.30-17.20 på Hardanger Folkemuseum, Utne

I alt 12 medlemer møtte, medrekna styremedlemer. Møtepapira var lagt ut på borda.

Sakliste

Sak 1 Velkomen
Leiar Gunnar I. Folkedal, ynskte velkomen.

Sak 2 Godkjenning av innkalling
Ingen merknad, samrøystes godkjend.

Sak 3 Godkjenning av saklista
Ingen merknad, samrøystes godkjend.

Sak 4 Konstituering – val av ordstyrar og skrivar
Jon Larsgard vart vald til møteleiar og Brita Jordal til skrivar, samrøystes.
Til å skriva under møteboka vart Jarle Vangen og Guttorm Rogdaberg valde.

Sak 5 Årsmelding 2024
Skrivar las opp styret sitt framlegg til årsmelding.
Ingen merknadar til endringar i meldinga; samrøystes godkjend.

Sak 6 Årsrekneskap 2024
Møteleiar las opp tala. Rekneskapen vert lagt fram med eit overskot kr 3.667 (kr 29 174 i 2024). Balansen viser pr. 31.12.2024 ein eigenkapital på kr 398.858 (kr 395.449 i 2024).
Rekneskapen vart samrøystes godkjend.

Sak 7 Budsjett og medlemspengar for 2025
Møteleiar la fram styret sitt framlegg til budsjett på kr 337.000. Det er lagt inn ein auke i medlemspengar på kr 20 for å kompensera for auka utgifter og nedgang i medlemstal.
Budsjettframlegget vart samrøystes godkjent.

Sak 8 Val
Leiar i valnemnda, Hildeborg Dalaker, la fram valnemnda si innstilling. Valet vart deretter gjennomført ved akklamasjon, punkt for punkt i tråd med innstillinga.

Leiar: Gunnar I. Folkedal, vald for 1 år.

Styremedlemer:
Brita Jordal, Odda / Ullensvang, attval for 2 år.
Reidar Øygard, Jåstad / Ullensvang, attval for 2 år.

Varafolk – valde for eitt år

  1. Agnete Sivertsen, Grimo / Ullensvang, attval, skal møta fast til styret.
  2. Anne Marie Øydvin, attval, Ulvik
  3. Håkon Brattespe, Hovland, Ullensvang, ny

Varafolk valde under eitt i tråd med innstillinga frå valnemnda.

Valnemnd til å førebu val i 2025
Etter framlegg frå styret vart desse valde:

Helena Kjepso, attval for 1 år
Marit Bleie Mannsåker, attval for 2 år
Harald Olav Aksnes, ny, for 3 år
Vara for 1 år: Jakob Bleie

Utsending til årsmøte i Hordaland Sogelag: Leiar eller den/dei som leiar delegerer til.

Sak 9 Vedtektsendring – § 1 Føremål
Brita Træbakken orienterte om bakgrunn for styret sitt framlegg til endring i paragraf 1. Skriftleg orientering var òg framlagt i møtepapira. Endringa gjeld kun setninga «I tillegg bør laget prenta eller gje stønad til å prenta opp att gamle skrift, bøker og liknande.» Denne skal ut.
I framlegg til ny tekst står det: «Laget kan òg gje økonomisk stønad til anna historiearbeid.»

Vedtak: årsmøtet godkjenner endringa, einstemmig.

Vedtaket gjev rom for endring i retningslinene for tildeling av stønad der styret har vedteke ny tekst: «Dette kan til dømes vera innsamling av munnleg og immaterielt materiale, digitalisering / publisering av lokalhistorisk arbeid eller anna arbeid som fremjar Hardanger si historie. Det kan òg gjevast stønad til utvikling av relevante kurs og seminar.»
Ny søknadsfrist er sett til 1. oktober kvart år.

 

Odda, 24.03.2025

Brita Jordal – skrivar

 

Møteboka underskriven av:

Dato:                                                             

……………………………………                   ……………………………………
Jarle Vangen                                                 Guttorm Rogdaberg

 

I programposten etter årsmøtet heldt styreleiar Åse Teigland og prosjektleiar Arne Fykse frå Hardanger folkemusikksamling ei orientering om arbeidet og det nystarta dokumentasjonsprosjektet for spel, song og dans. Historielaget gav i 2024 ein stønad på kr 10.000 til prosjektet som òg er støtta frå fleire, mellom anna 500.000 frå Sparebankstiftinga Hardanger.

ÅRSMELDING 2024 FOR HARDANGER HISTORIELAG

Årsmøte for Hardanger Historielag 2024 vart halde på Hesthamar skrivargard den 7. april 2024 med 17 medlemer til stades. Årsmøtesakene vart samrøystes vedtekne.

Styret har vore
Gunnar Ingvaldson Folkedal, Granvin, attvald leiar for 1 år.
Brita Træbakken, Kvam, styremedlem, attval for 2 år.
Jon Larsgard, Jondal, Ullensvang, ny, vald for 2 år
Reidar Øygard, Ullensvang, styremedlem, ikkje på val.
Brita Jordal, Odda, skrivar, ikkje på val. 

Varamedlemer valde for 1 år

  1. Agnete Sivertsen, Grimo, Ullensvang. Skal møta fast i styret.
  2. Anne Marie Øydvin, ny, Ulvik.
  3. Otto Galtung, Ullensvang.

Valnemnd til 2025
Etter framlegg frå styret vart desse valde:

Hildeborg Dalaker, attval, for 1 år­­­.
Helena Kjepso, ny, for 2 år.
Marit Bleie Mannsåker, ny for 3 år.
Jakob Bleie, vara for 1 år. 

Redaksjon for årboka «Hardanger» 2023
Knut Markhus har vore redaktør og Harald Hognerud biletredaktør.

Styrearbeidet i meldingsåret
Det er halde 3 styremøte, alle på Hardanger Folkemuseum og 26 saker er handsama.

Ajourføring av postadresser til medlemene held fram; viktig å ha rette adresser for utsending av årbok. Det er  aktivt samla inn e-postadresser til medlemene ved kontakt via SMS, men arbeidet er tidkrevjande, mange svarar ikkje tilbake. Målet er å nå flest mogeleg med info og invitasjonar via e-post, men det er langt igjen. Dei vi har e-postadresser til fekk invitasjon til temadag på Lofthus i haust, noko som gav større påmelding.

Sal av eldre årbøker frå lageret i Grimo skjer via heimesida eller ved telefon til leiar. Lågt sal i år.
Før temadagen arbeidde vi aktivt for å få selt verket «Hardanger – ei regionhistorie» (Fagbokforlaget 2015) som Hardanger Folkemuseum har på lager. Prisen vart sett ned til kr 800 og det gjekk ut 9 sett.

Det er arbeidd med framlegg til revisjon av vedtekter og retningsliner for støtte til lokalhistorisk arbeid. Leiar og Brita Træbakken var utsendingar til Hordaland sogelag sine lokalhistoriske dagar og årsmøte på Stalheim 11.-12. mai der Vossestrand sogelag var vertskap.

Heimesida
Nettadressa vår er www.hardanger-historielag.no. Nettstaden fungerer bra på PC, nettbrett og smarttelefon. Det er lett å melda seg inn for nye medlemer, arrangement, utlysingar og informasjon blir gjort kjent under «Nyhende, årsmeldingar tilbake til 1999 er lagt ut og kontaktopplysningar blir ajourført. Opplysningar om eldre bøker og hefte er lett tilgjengeleg under Bibliografi. Sidene har link til Nasjonalbiblioteket (nb.no) der årbøkene fram til og med 2017 kan lesast i fulltekst.

Støtte til lokalhistorisk arbeid
Tilbodet vart kunngjort på heimesida og Facebooksida med søknadsfrist 1. mars. Det kom inn fire fullstendige søknadar på i alt kr 70 000. På budsjettet for 2024 vart det vedteke kr 20 000 til løyvingar.

Agatunet og Hardanger Folkemusikksamling fekk kr 10 000 kvar til eit arrangement om Landslova av 1274 og til eit dokumentasjonsprosjekt om tradisjonsberarar innan folkemusikk og dans. Til Sverre Strandenes som òg hadde inne søknad, vart det i etterkant løyvt kr 10 000 til bokprosjektet om rosemålarar i Hardanger. Til saman er det løyvt og utbetalt kr 30 000.

Tilskipingar
I 2024 har vi hatt tre tilskipingane som har vore opne for alle interesserte og alle har hatt godt besøk.  

Etter årsmøtet på Hesthamar skrivargard heldt Brita Jordal frå Kraftmuseet og Guttorm Rogdaberg kåseriet «Hardangerforfattaren Gro Holm – ei av fire store». Om lag 40 frammøtte.

Den 2. juni inviterte vi til omvising og mat på Nes gard i Kvam. Geirmund Nes gav oss ei levande forteljing om hage, bygningar og dei store samlingane han har bygt opp. 15 deltok.

Laurdag 16. november skipa vi til temadagen «Frå Moster til Hardanger» i samarbeid med Kyrkjene i Ullensvang og Fortidsminneforeininga Hardanger lokallag. Arrangementet var tilmeldt Lovjubilea 2024 og tematisk knytt til Kristenretten og Lagabøtes landslov. Det var velkomst i den restaurerte Ullensvang prestegard og orientering ved Ingebjørg Sekse og Leni Meland. Vidare heldt Guttorm Rogdaberg foredrag i kyrkja om Ullensvang kyrkje. På Krossvoll la soknerådet til rette for lunsj frå Opedalstunet før John Ragnar Myking førelas om «Synd og straff – kyrkja, staten og seksualmoralen i gamle Hardanger» og Torgeir Landro heldt føredrag om «Kristenretten – 1000 år etter». Dagen var eit svært vellukka samarbeid med rundt 80 deltakarar. Det var arbeidt aktivt med marknadsføring. Kyrkja laga ein trykt faldar som soknerådet spreidde til husstandar i Kinsarvik og på Lofthus og i biblioteka m.v.

Facebook
Laget si Facebooksida har hatt 38 innlegg gjennom året, noko som er litt lite for å nå god ut. Men sida er viktig for kunngjeringar, profilering og verving. Utsalsstader for årboka er kunngjort her og smakebitar frå fire artiklar vart publiserte rundt juletider. Vi deler eigne innlegg i ulike lokale grupper og deler òg andre museum og aktørar sine innlegg og arrangement på vår side.

Økonomi
Årsrekneskapen for 2024 viser ei samla omsetning på kr 330.978, og eit overskot på kr 3.667. Det var budsjettert med eit overskot på 1.000. Balansen viser pr. 31.12.2024 ein eigenkapital på kr 398.858 (395.449).

Rekneskapsførar
Fonna Økonomi AS ved Jakob Bleie tek seg av rekneskapen. 

Årboka Hardanger
Årboka 2024 er innbunden, har 209 sider, 10 annonsesider inklusive baksida og 6 sider med meldingar og referat frå laget. Annonsørane har vore stabile. Boka kostar kr 310 i laussal og opplag er 1250 eksemplar, det same som føregåande år. Årboka 2024 har tolv illustrerte artiklar frå alle delar av Hardanger. Utsending til medlemene frå Fagbokforlaget var medio november. Trykte plakatar profilerer årboka ved utsalsstadene. Boka har selt noko mindre enn i fjor i butikkar/bokhandlar og ved tinging direkte. Ingen av dei tre lokalavisene har omtalt årboka.

Leiar har også dette året køyrt ut bøker til utsalsstadane, ført kontroll og følgt opp salet, eit tidkrevjande og svært viktig arbeid. Forretningsførar fakturerer utsalsstadane i etterkant.

Medlemstal
Medlemsmassen vår har høg gjennomsnittsalder. Det har vore fleire utmeldingar (54) enn innmeldingar (14). Det var i meldingsåret registrert 800 medlemer i Hardanger Historielag. Av desse var 761 betalande  medlemer.

Styret for Hardanger Historielag