
Velkomen til kulturkveld i Espe Grannahus
Fredag den 25. september kjem professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde til Espe. I 2025 gav han ut boka “Forsvarstale for eit vondt menneske – ei kvinnehistorie frå 1700-talet”.
Denne historia utspelar seg i Sørfjorden. Øyrehagen Sunde er kjend som ein drivande god formidlar som teiknar levande bilete rundt personane han fortel om. Han har halde mange foredrag i Hardanger og vunne prisar for god formidling. Han er mellom anna kjend for bok og prosjektarbeid med Magnus Lagabøtes landslov av 1274. 
Espe Bygdekvinnelag og Hardanger Historielag er oppglødde for at vi kan tilby dette foredraget. Vi lovar ein kveld med drivande god forteljing, kaffikos og trivnad, Odda bibliotek kjem med ei bokutstilling knytt til lokalhistorie og Hardanger historielag har bøker for sal. Om veret er høveleg, er det mogeleg å gå turen opp til Hyggje etterpå. Denne plassen ligg ca 15 minutt ovanfor Espe Grannahus.
Både grannar og tilreisande er velkomne til kulturkvelden. Vi oppmodar om å køyra saman, men vil ha parkeringsvakter for å hjelpa til.
Møt i god tid frå 17.30. Foredraget startar kl 18.00, og før og etter blir det sal av kaffi/te og kaker. Inngangsbillett: kr 100,- . Betaling helst på Vipps.
Helsing Hardanger Historielag og Espe bygdekvinnelag
Stønad tildelt til lokalhistorisk arbeid
Desse lokalhistoriske prosjekta fekk stønad i 2021: Hesthammar skrivargard Rettsløype Kr 15 000 Hardanger Folkemuseum Skautafelling Kr 15 000 Granvin Sogelag Munnlege opptak Kr 5 000 Kvam Mållag ...
Støtte til lokalhistorisk arbeid
Hardanger Historielag støttar arbeid som fremjar gransking av historia til Hardangerbygdene, eller har som mål å spreia kunnskap om og skapa interesse for denne historia. Søknad kan sendast til Hardanger Historielag, Folkedalsvegen 286, 5736 GRANVIN...
Årboka Hardanger 2020 er ute
Alle medlemer får ho i posten. Om nokon saknar ho eller har fått ny adresse i det siste, ber vi dykk senda e-post eller ringa oss. Og dei som har fått lyst til å bli medlemer kan melda seg inn her på sida. Kostar berre 100,- for første år, altså 2020. Årboka får du då...

