
Hotell i særklasse
Laurdag 15. april ynskjer Hardanger Historielag, Kraftmuseet og Sentralbadet Litteraturhus i Odda velkomen til temadag om Hotel Hardanger og andre Hardanger-hotell med arkitekt Jess sin signatur.
Billettar, kr 200,- / honnør 150,-, kan kjøpast på TicketCo «Hotell i særklasse» eller i døra så lenge det er ledige plassar. Litteraturhuset sel lunsj med meir i pausane.
Hotel Hardanger i Odda har sidan 1896 stått som eit lysande døme på hotellarkitektur i særklasse, sjølv no, snart 50 år etter at det vart rive. Samstundes står det også som eit døme på ein opprivande politisk kamp om kulturverdiar i Odda. I Granvin sto Mælands hotell med arkitekt Jess sin signatur. Det rauk med i brann. Og Låtefoss, Seljestad og Jordals Hotel er rivne.
Arkitekten bak, Hans Heinrich Jess er ikkje like kjend som Hotel Hardanger. Men det er stryningen Edvard Faleide i ferd med å endra på. Faleide arbeider med arkitekt Jess sin samla historie og har skrive to artiklar i Årboka Hardanger. På temadagen held han to foredrag om Jess sin arkitektur.
Mads Ramstad, museumsdirektør for Haugalandsmuseet, er oldebarn til «sjølvaste hotellfruo» i Odda, den legendariske fru Sofie Tollefsen, født Simonsen. Også broren Theodor Simonsen og to systre, den eine ved Sandven Hotel i Norheimsund, høyrde til «hotelldynastiet» i Hardanger. Ramstad fortel om Tollefsen- og Simonsen-familiane som eigde og dreiv Hotel Hardanger. – kven var skipskapteinen, «fruo» og forretningsføraren?
Mykje av dekoren frå Hotel Hardanger/Det gamle rådhuset vart berga. Tor Henrik Mannsåker var arkitekten bak innpassing av desse i Ungdomshallen i Odda i 1981-83. Saman med Jon Låte var han òg ein av dei som på 1970-talet kjempa hardt for at Hotel Hardanger / Det gamle rådhuset ikkje skulle slettast frå bybildet. Jon Låte vil fortelja om det store engasjementet og dei politiske kampane og Tor Henrik Mannsåker om arbeidet med å ta vare på verdiar i bygget og innpassa dei i Ungdomshallen som i etterkant vart eit praktbygg med verna verdi.
Mot slutten av arrangementet er det omvising saman med Tor Henrik Mannsåker i Ungdomshallen. I pausane sel historielaget årbøker og medlemskap i laget og Kraftmuseet sel bøkene «Underdeilig – Hardanger si reiselivshistorie» og «Fabrikkbyane i Hardanger – husa i industrilandskapet».
PROGRAM
11.00 Velkomen.
11.05 Edvard Faleide: Bergensarkitekten Jess: Nygotikk og nyrenessanse.
11.50 Kort pause med sal av kaffi/te/noko å bita i.
12.00 Edvard Faleide: Kyrkje- og hotellarkitekten Jess i bygdene på Vestlandet,
med vekt på Odda-området og Hotell Hardanger.
12.45 Lunsjpause med sal av mat og drikke.
13.15 Mads Ramstad: Tollefsen og Simonsen som eigde og dreiv «Hotel
Hardanger» – kven var skipskapteinen, «fruo» og forretningsføraren?
13.45 Jon Låte: Kampen for å redda Hotel Hardanger /
Det gamle rådhuset frå total riving
14.15 Kaffi / fruktpause.
14.30 Tor Henrik Mannsåker: Det som bergast kunne – Om dekoren
i Ungdomshallen.
14.50 Tor Henrik med fleire: Omvising i Ungdomshallen for å sjå dekor
og bygningsdelar som er tatt i bruk. Deretter eventuelt vandring til
Simonsen-huset, Tyssedalsvegen 2.
15.40 Tilbake til Sentralbadet Litteraturhus: Avrunding, tid til spørsmål
16.00 Slutt
Årsmøte 2021
Hardanger Historielag held utsett årsmøte på Hardanger Folkemeuseum på Utne sundag 3. oktober kl 15:30. Kl 14:30 vert det open omvisning i utstillinga Opplut og belte med Agnete Sivertsen. Fra pressemeldinga sendt ut i samband med denne omvisninga: Hardanger...
Bli med Agnete på omvising i utstillinga Opplut og belte
Søndag 3. oktober kl 14.30 på Hardanger Folkemuseum, Utne. Programmet er ope for alle interesserte. Hardanger Historielag spanderer inngangsbilletten. I etterkan er det årsmøte for medlemene i Hardanger Historielag. Hardanger folkemuseum hadde stor suksess med...
Stønad tildelt til lokalhistorisk arbeid
Desse lokalhistoriske prosjekta fekk stønad i 2021: Hesthammar skrivargard Rettsløype Kr 15 000 Hardanger Folkemuseum Skautafelling Kr 15 000 Granvin Sogelag Munnlege opptak Kr 5 000 Kvam Mållag ...


