Dei flotte kyrkjebåtane i Hardanger er tema før årsmøtet 3. april

16.03.22 | Arkiv, Nyhende

I samband med årsmøtet 2022, inviterer Hardanger Historielag til foredrag om kyrkjebåtar i Hardanger.

Båtbyggjar Peter Helland Hansen ved Hardanger fartøyvernsenter omtalar foredraget sitt slik: “Bruken av kyrkjebåtar har rike tradisjonar i Hardanger. Både skriftlege og munnlege kjelder, biletkunsten, gamle fotografi og dei attlevande båtane og nausta peikar tilbake på ein stor kulturarv. Underteikna har i dei siste åra arbeid med å kartleggja desse tradisjonane og seinast i haust gjort feltarbeid for riksantikvaren. Noko av arbeidet og funna vil bli presentert i foredraget.” På fotoet ser vi Peter Helland Hansen i samtale med Joar Kvittingen som er deleigar i denne seksæringen. Foto: Lars Arvid Oma.

Arrangementet startar klokka 14.30 med foredraget som er ope for alle interesserte. Deretter avviklar vi årsmøtet klokka 15.30.

Medlemer og andre er velkomne til foredraget før årsmøtet. Fri inngang.

Køllemåleri

Køllemåleri

Hardanger Historielag tilbyr interessante foredrag med etnolog Kristina Skåden i samarbeid med Hardanger folkemuseum onsdag 26/9 kl 18.30 og Haugesenteret torsdag 27/9 kl 19.30

Kulturhistoriske dagar 2018 på Voss

Årsmøte 18. mars 2018

Årsmøte 18. mars 2018

Hardanger Historielag tilbyr interessante foredrag med etnolog Kristina Skåden i samarbeid med Hardanger folkemuseum onsdag 26/9 kl 18.30 og Haugesenteret torsdag 27/9 kl 19.30