
Køllemåleri
Hardanger Historielag tilbyr interessante foredrag med etnolog Kristina Skåden i samarbeid med Hardanger folkemuseum onsdag 26/9 kl 18.30 og Haugesenteret torsdag 27/9 kl 19.30
Periferiens kunnskapshistorie – sett gjennom Kølle og Hertzberg
Catharina Kølle (1788-1859) og Niels Herzberg (1759-1841) budde i kvar sin sidearm av Hardangerfjorden, i Ulvik og Ullensvang. Hertzberg var presten som la bort ungdomsdraumen om å bli landmålar. Kølle realiserte i vaksen alder utferdstrongen sin ved å gå til Sverige, Danmark, Tyskland og Italia. Begge har etterlate seg mykje kunnskap i form av kart, tekstar og teikningar. Korleis var deira liv knytte til internasjonal vitskapsutvikling? Etnolog Kristina Skåden ved Universitetet i Oslo nøstar opp relasjonar mellom Hertzberg og Kølle og samtidige kunnskapsprodusentar som Humboldt og Goethe.
Etter foredraget blir det ope for spørsmål og drøfting med Kristina Skåden. Arrangementet er eit samarbeid mellom Hardanger Historielag og Hardanger Folkemuseum. Den 27. september held Kristina Skåden foredraget på Haugesenteret i Ulvik.
Kulturkvelden med Jørn Øyrehagen Sunde trekte fullt hus
Det vart fullt hus og kraftig applaus i Espe Grannahus fredag 25. september. Nær hundre fekk oppleva Jørn Øyrehagen Sunde i eit svært fengslande og ofte humoristisk foredrag om den vonde Kari Knutsdatter og hennar samtid. Sunde fortalde om ein tidsperiode der folk var...
Velkomen til kulturkveld i Espe Grannahus
Fredag den 25. september kjem professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde til Espe. I 2025 gav han ut boka “Forsvarstale for eit vondt menneske - ei kvinnehistorie frå 1700-talet”. Denne historia utspelar seg i Sørfjorden. Øyrehagen Sunde er kjend som ein drivande...
Velkomen til historiekveld på Hotel Ullensvang, Lofthus, den 27. april
Hardanger Historielag og Hotel Ullensvang inviterer til historiekveld med Ingvil Bjørnæs: Frøken Storm og frøken Vildensky – to personlegdomar på Lofthus For mange år sidan var frøken Storm og frøken Vildensky to “kjendisar” på Lofthus. Frøken Storm var ein anerkjend...


