
Bli med Agnete på omvising i utstillinga Opplut og belte
Søndag 3. oktober kl 14.30 på Hardanger Folkemuseum, Utne.
Programmet er ope for alle interesserte. Hardanger Historielag spanderer inngangsbilletten. I etterkan er det årsmøte for medlemene i Hardanger Historielag.
Hardanger folkemuseum hadde stor suksess med utstillinga 1000 bringklutar. I år har dei opna utstillinga Opplut og belte der dei har henta fram unike ting frå samlingane. Nesten alt museet har av belte, opplutar og sjonaleister er tatt fram. Noko går heilt tilbake til 1600-talet. Det har lenge vore rom for variasjon og kreativitet.
Museumsstyrar Agnete Sivertsen kjenner bunads-samlingane i detalj. Vi får innblikk i ord som livkjole, liv, vest og opplut i materiale som silke, fløyel, damask og kalemank. Sne og kvarding blir òg forklart. Nesten hundre opplutar er vist fram i utstillinga.
Belte finst i eit mangfald av teknikkar; krossting, smøyg, vevde belte og perlebelte som er sydd, tredd eller vevd. Motiva er geometriske figurar som kross, åttebladroser og rombeformer. Det var ikkje vanleg å ha same mønster på bringklut og belte tidlegare. Agnete er open for at vi kjem med spørsmål og synspunkt på dette.
Velkomen til årsmøte og kulturprogram
Sundag 22. mars 2026 på Hardanger Folkemuseum, inngang på baksida. Klokka 16.30 Årsmøte. Kaffi/te og enkel servering etter møtet. Klokka 17.30 Johild Mæland held føredrag med tittelen Roser, kunst og kroting. Føredraget er ope for alle interesserte, så ta gjerne...
Årboka HARDANGER 2025
Årboka var tidleg ferdig i år og er sendt ut til alle medlemer. Knut Markhus held fram som redaktør, men grafisk utforming er ved L J Aga Reklame i Granvin og trykkeriet er Printfarm AS i Øvre Årdal. Vi i styret håpar du er nøgd med produktet, men tek gjerne imot...
Bli med Hardanger Historielag til Viketunet i Jondal
Tid: Tysdag 23. september kl 12:00–14.30. NB! Påmelding innan 18.09. grunna mat. Det finst mange interessante historier om folk som har utvandra til Amerika. Viketunet i sentrum av Jondal har i sommar hatt ei spesiell utstilling i samband med Utvandrarjubileet. Eit...


