Årsmøte 2021
Hardanger Historielag held utsett årsmøte på Hardanger Folkemeuseum på Utne sundag 3. oktober kl 15:30.
Kl 14:30 vert det open omvisning i utstillinga Opplut og belte med Agnete Sivertsen.
Fra pressemeldinga sendt ut i samband med denne omvisninga:
Hardanger folkemuseum hadde stor suksess med utstillinga 1000 bringklutar. I år har dei opna utstillinga Opplut og belte der dei har henta fram unike ting frå samlingane. Mangfaldet er stort i det materialet som seinare har blitt utgangspunkt for hardangerbunaden. Nesten alt museet har av belte, opplutar og sjonaleister er tatt fram. Noko går heilt tilbake til 1600-talet. Det har lenge vore rom for variasjon og kreativitet.
Omvisinga er lagt til årsmøtedagen for Hardanger Historielag, men denne programposten er open for alle interesserte. Historielaget spanderer billetten.
Museumsstyrar Agnete Sivertsen kjenner bunads-samlingane i detalj og vi ser fram til ein presentasjon av utstillinga og ei omvising saman med ho. Vi får innblikk i ord som livkjole, liv, vest og opplut i materiale som silke, fløyel, damask og kalemank, – og med og utan sne eller «hakk». Nesten hundre opplutar er vist fram i utstillinga.
Belte finst òg i eit mangfald av teknikkar; krossting, smøyg, vevde belte og perlebelte som er sydd, tredd eller vevd. Motiva er geometriske figurar som kross, åttebladroser og rombeformer. Det var ikkje vanleg å ha same mønster på bringklut og belte tidlegare. Agnete er open for at vi kjem med spørsmål og synspunkt på dette.
Omvisinga er i forkant av årsmøtet til Hardanger Historielag.
Køllemåleri
Hardanger Historielag tilbyr interessante foredrag med etnolog Kristina Skåden i samarbeid med Hardanger folkemuseum onsdag 26/9 kl 18.30 og Haugesenteret torsdag 27/9 kl 19.30
Kulturhistoriske dagar 2018 på Voss
Hardanger Historielag tilbyr interessante foredrag med etnolog Kristina Skåden i samarbeid med Hardanger folkemuseum onsdag 26/9 kl 18.30 og Haugesenteret torsdag 27/9 kl 19.30
Årsmøte 18. mars 2018
Hardanger Historielag tilbyr interessante foredrag med etnolog Kristina Skåden i samarbeid med Hardanger folkemuseum onsdag 26/9 kl 18.30 og Haugesenteret torsdag 27/9 kl 19.30