Årsmøte 2020
Årsmøtet i Hardanger historielag vert 22. juni klokka 16:30 på Hardanger folkemuseum, Utne. Vanlege årsmøtesaker.
Årsmøtet 2020 var planlagt til den 15. mars, men måtte avlysast grunna koronasituasjonen. Det planlagte foredraget om kyrkjebåtar i Hardanger ved båtbyggjar Peter Helland-Hansen, håpar vi å få til ved eit seinare arrangement.
Støtte til lokalhistorisk arbeid
Hardanger Historielag støttar arbeid som fremjar gransking av historia til Hardangerbygdene, eller har som mål å spreia kunnskap om og skapa interesse for denne historia. Søknad kan sendast til Hardanger Historielag, Folkedalsvegen 286, 5736 GRANVIN...
Årboka Hardanger 2020 er ute
Alle medlemer får ho i posten. Om nokon saknar ho eller har fått ny adresse i det siste, ber vi dykk senda e-post eller ringa oss. Og dei som har fått lyst til å bli medlemer kan melda seg inn her på sida. Kostar berre 100,- for første år, altså 2020. Årboka får du då...
Ei krafthistorisk vandring i Ålvikfjellet
Hardanger Historielag har dei siste åra gått nye vegar for å formidla historie frå Hardanger. For fjerde gong skipa vi i år til tur for alle interesserte. Målet er å skapa interesse for lokalhistoria, visa at vi er eit aktivt historielag og gjerne få nokre nye...