Årboka HARDANGER 2025

3. des 2025 | Nyhende

Årboka HARDANGER 2025

03.12.25 | Nyhende

Årboka var tidleg ferdig i år og er sendt ut til alle medlemer. Knut Markhus held fram som redaktør, men grafisk utforming er ved L J Aga Reklame i Granvin og trykkeriet er Printfarm AS i Øvre Årdal. Vi i styret håpar du er nøgd med produktet, men tek gjerne imot tilbakemeldingar. Vi gjer merksam på at i fototeksten på side 161, skal det stå lærar Birgit Bleie (ikkje Marit). Elles er vi takksame for å ha med fire nye annonsørar, alle Hardangerfirma med solide tradisjonar, og i to av dei 18 annonsene er det lagt inn QR-kodar som vi oppmodar dykk til å utforska.

Dersom du ikkje har fått årboka, må du melda frå til leiar Gunnar I. Folkedal på telefon 918 45 719 eller til [email protected]. Det kan vera at vi har feil postadresse til deg dersom du har flytta eller fått ny postboks. E-postadresser samlar vi òg inn, slik at vi lettare kan senda ut informasjon til medlemene.

Betalingsfrist for medlemspengar, kr 290, er den 15. desember. Betal no, så er du sikra årbok i 2026 også. Giro ligg ved årboka du har fått.

Vil du kjøpa årboka Hardanger 2025 som gåve, får du ho til kr 310,- her:
Hardanger folkemuseum, Utne, Huus Bokhandel, Øystese, Coop Prix Jondal, Mathuset Grimo, SPAR Nå, SPAR Kinsarvik, SPAR Norheimsund, Vossevangen, Norli, Voss, Ark Amfi Voss, Coop Prix Granvin, Norli Odda, Bunnpris Ullensvang – Lofthus, Coop Prix Ulvik, Coop Prix Eidfjord.

Vil du ha boka tilsendt, kan vi senda med tillegg for frakt. Kontakt leiar Gunnar I. Folkedal på telefon 918 45 719 eller [email protected]

 

Årboka HARDANGER 2025 har som vanleg eit variert innhald. Her er redaktøren sitt forord:

Gode lesar
Velkomen til årboka Hardanger 2025, den 117. årgangen i rekkja. Det er stas å stella med noko som har så lange og sterke tradisjonar, og årboksarbeidet går sin gang med iver og entusiasme.

Som i fjor, er det Inge L. Reinsnos som er først ut av forfattarane. Med sin leikne penn utfordrar han årboksredaksjonen. For er «Sommardagen besto rodde Vatnet» historieskriving slik vedtektene legg opp til? Teksten er annleis enn det me er van med, det er ei underfundig lita reiseskildring frå ein tur til Streve i Reinsnos. Me seier heilhjarta ja. Dette er god historieskriving, på det vis at me varmt og levande blir sett inn i det som skjer ein fin sommardag i ei anna tid, då Inge var liten.

Så følgjer artikkelen «Ein harding på sjøen», som har ein både sår og fin tone ved seg. Historikar Kjell Knudsen arbeidde med denne artikkelen så lenge han greidde. Hard sjukdom gjorde at han måtte leggja ned pennen. Då var teksten fullført. Historia handlar om oldefar hans, Ingebrigt Ystanes, som bygde seg opp til å bli skipper på eiga skute i «Newfound-landsfarten». Det betydde ein heil del for Kjell å få dette arbeidet ferdig. «Eg har alltid tenkt på oldefar Ingebrigt som eit gagns menneske, og ein snill mann», skriv han – og det same kan seiast om Kjell sjølv. Han døydde nokre veker etter at han hadde levert teksten frå seg.

Det kviler ikkje sjeldan eit alvor over artiklane i årboka, og nesten alltid når det handlar om livet på sjøen. Heidi Richardson frå Hardanger fartøyvernsenter let oss møta skipper Mons Lysen og andre nordlandsskipperar, og ser på kor tett samanvevde desse var med naturen. Det måtte dei vera for å kunna føra hardangerjaktene trygt langt nordover og tilbake til Hardanger.

I John Ragnar Myking sin artikkel er både eit religiøst og moralsk alvor på ferde, slik tittelen tyder på: «Synd og straff – kyrkja, staten og seksualmoralen i gamle Hardanger». Kjærleik og lyst hadde langt frå frie vilkår, og me får læra om kor hardt lova og samfunnet straffa Kari og Odd i 1708, etter at dei utan å vera gifte hadde sett eit barn til verda.

Me går vidare inn i det geistlege landskapet med hjelp frå Jarle Møen, som følgjer noko som liknar eit mysterium: Kven var eigentleg den prominente Anders Andersen Riber, sokneprest i Eidfjord 1656-1688? Han kom frå Danmark, men kjeldene der byr på fleire kandidatar til kva han heitte og kven han var som ung. Kanskje Møen har funne svaret?

Såkalla livsminne er ein betydeleg sjanger i årboka Hardanger. Me har fleire slike stykke denne gongen. Sara Larsina Hjeltnes, gift Anfinsen (1891-1997) fortel om oppveksten på Bagnsstrondi, i ein tekst frå 1981 då ho var 90 år. Så kjem «Tankar og minne frå oppvekst på Djønno, 1923-1939» forfatta av Paal Kr. Djønne (1923-2018), tilrettelagt av sonen Ketil. Vår markering av frigjeringsjubileet 2025 kjem med Johs. Kolltveit sin artikkel «Krigsår i Skutevik, 1940-45». Her får me ei personleg skildring av korleis det var å bli evakuert frå Bergen til meir fredelege Tørvikbygd, og vera der gjennom okkupasjonstida saman med familie og slekt.

I fjor hadde Ingvil Bjørnæs ein artikkel om den fargerike pianisten Nanne Storm, som levde i eit kjærleiksforhold med Gudrun Utne. No kjem oppfølgjaren, om nettopp Gudrun. Ho kom frå den kjende hotellfamilien på Lofthus, og vart etter kvart landskjend som styrar for stortingsrestau- ranten. «frk. Utne har sanneleg gjort sitt beste til aa faa norsk politikk til aa gaa godt», står det å lesa i familiebladet «For Bygd og by».

Lofthus er utgangspunktet også i neste artikkel. Som Lars O. Bleie seier i sin tekst om kyrkja der: «Ullensvang kyrkje, òg kalla «Kirken på Tangen», er den kyrkja i Hardanger som har vorte mest omskriven.» Årboka er éin av publikasjonane som har bidrege til dette, men som Lars syner er det alltid nye element å dra fram når det gjeld dette kyrkjebygget, til dømes historia om dei engelske glasmåleria i kyrkja.

Sidan årboka kjem ut når det begynner å li mot jul, avsluttar me med Oddbjørn Kvålsvold som med hjelp av kona Aslaug kjem med «Livsminne – julefeiring i Hardanger». Teksten sluttar med ein refleksjon som nok ein del av lesarane kan dela: «I vår generasjon sin oppvekst, vart juledagane nytta til samhandling og familiekos med juleposten, Vangsgutane, Stomperud og Ludospel, og me var fri frå den digitale IT-verda.»

Dette gjev påskot til å nemna at Hardanger Historielag har ein godt vaksen medlemsmasse, der ein gjerne kunne ønskja seg i ei bølgje av nye medlemer i eit vidt aldersspenn. Årboka sitt bidrag til dette er å prøva å vera både variert, interessant og lærerik. Me ynskjer også å få med oss yngre skribentar, attåt dei som lang livsrøynsle. Så ta gjerne kontakt, gammal som ung.

Redaksjonen håpar Hardanger 2025 blir til både glede og nytte. Me takkar for gode bidrag frå forfattarane. Ha ein god lesnad!

Knut Markhus, redaktør

Bli med Hardanger Historielag til Viketunet i Jondal

Bli med Hardanger Historielag til Viketunet i Jondal

Tid: Tysdag 23. september kl 12:00–14.30. NB! Påmelding innan 18.09. grunna mat. Det finst mange interessante historier om folk som har utvandra til Amerika. Viketunet i sentrum av Jondal har i sommar hatt ei spesiell utstilling i samband med Utvandrarjubileet. Eit...

Andre aktuelle saker