
Vellukka årsmøte 2021
Gunnar Ingvaldsson Folkedal vart attvald som leiar i Hardanger Historielag.
Også dei andre tok attval og styret kan arbeida vidare i eit godt samarbeidsklima. Ei hovudsak framover blir å få flytta bibliografien for årbøkene over frå dei gamle til dei nye heimesidene og å leggja til rette for “pakkesal” av eldre trykte årbøker/hefte med meir.
Omvisinga med Agnete Sivertsen i utstillinga Opplut og belte trekte godt med folk. Omlag 30 var med der, medan berre 13 medlemer stoppa til årsmøtet. Hardanger Folkemuseum har verkeleg ei skattkiste med eldre draktdeler. Og det er ingen tvil om at jentene og kvinnene i Hardanger har late seg inspirera til å ta i bruk mange typar stoffer og fargar tidlegare òg.
Årboka HARDANGER 2023
Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Men saknar du ho må du melda frå til leiar Gunnar I. Folkedal, på telefon eller e-post som du finn her på nettsida vår. Det kan vera at vi har feil postadresse til deg, eller det kan ha blitt ei feil i utsendinga. ...
Presentasjon av Årboka 2023
Vi ønskjer velkommen til presentasjon av Årboka 2023 på Norheimsund Bibliotek 6. desember kl 18. Årboka er i år på over 200 sider fulle av gode artiklar og bilete fra Hardanger. Redaktør Knut Markhus og Heidi Richardson vil fortelja om boka.
Hotell i særklasse
Laurdag 15. april ynskjer Hardanger Historielag, Kraftmuseet og Sentralbadet Litteraturhus i Odda velkomen til temadag om Hotel Hardanger og andre Hardanger-hotell med arkitekt Jess sin signatur. Billettar, kr 200,- / honnør 150,-, kan kjøpast på TicketCo «Hotell i...


