Velkomen til kulturkveld i Espe Grannahus

3. sep 2026 | Nyhende

Velkomen til kulturkveld i Espe Grannahus

03.09.26 | Nyhende

Fredag den 25. september kjem professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde til Espe. I 2025 gav han ut boka “Forsvarstale for eit vondt menneske – ei kvinnehistorie frå 1700-talet”.

Denne historia utspelar seg i Sørfjorden. Øyrehagen Sunde er kjend som ein drivande god formidlar som teiknar levande bilete rundt personane han fortel om. Han har halde mange foredrag i Hardanger og vunne prisar for god formidling. Han er mellom anna kjend for bok og prosjektarbeid med Magnus Lagabøtes landslov av 1274.

Boka “Forsvarstale for eit vondt menneske” byggjer på juridiske dokument og domar om Kari Knutsdatter som vart halshoggen på Utne i 1771, men og på andre rettssaker frå Vestlandet. Kari Knutsdatter kom frå Buer i Odda og levde deler av livet sitt på husmannsplassen Hyggje på Espe. Ho vart dømt for å ha drepe fire av sine fem barn og kona til elskaren sin. I dommen er ho sagt å vera det vondaste mennesket i Hardanger på 100 år. Men var ho vond? I så fall må ein spørja kor den vondskapen kom frå? Og for å kunna svara, må vi vita noko om samfunnet ho levde og virka i. Korleis var livet til ei foreldrelaus tenestejente som måtte greia seg åleine frå ho var 8 år og vart gravid for fyste gong då ho var 16? Alt for mange unge jenter skjulte utanomekteskapeleg graviditet og tok livet av eige spedbarn for å unngå «Verdens Skam». Det gjer spørsmålet om vondskap samansett og komplisert. Men historia om Kari Knutsdatter er ikkje ei trist historie, meiner Øyrehagen Sunde. Og vidare skriv han: det er ei historie om ei “gatesmart” kvinne som fortalde medrivande eventyr, dreiv med legeverksemd og magi, og avslutta livet med eit stort “Fuck you!” til dei ho meinte hadde skuld i hennar vondskap.

Espe Bygdekvinnelag og Hardanger Historielag er oppglødde for at vi kan tilby dette foredraget. Vi lovar ein kveld med drivande god forteljing, kaffikos og trivnad, Odda bibliotek kjem med ei bokutstilling knytt til lokalhistorie og Hardanger historielag har bøker for sal. Om veret er høveleg, er det mogeleg å gå turen opp til Hyggje etterpå. Denne plassen ligg ca 15 minutt ovanfor Espe Grannahus.

Både grannar og tilreisande er velkomne til kulturkvelden. Vi oppmodar om å køyra saman, men vil ha parkeringsvakter for å hjelpa til.

Møt i god tid frå 17.30. Foredraget startar kl 18.00, og før og etter blir det sal av kaffi/te og kaker. Inngangsbillett: kr 100,- . Betaling helst på Vipps.

Helsing Hardanger Historielag og Espe bygdekvinnelag

Vellukka årsmøte 2021

Vellukka årsmøte 2021

Gunnar Ingvaldsson Folkedal vart attvald som leiar i Hardanger Historielag. Også dei andre tok attval og styret kan arbeida vidare i eit godt samarbeidsklima. Ei hovudsak framover blir å få flytta bibliografien for årbøkene over frå dei gamle til dei nye heimesidene...

Årsmøte 2021

Årsmøte 2021

Hardanger Historielag held utsett årsmøte på Hardanger Folkemeuseum på Utne sundag 3. oktober kl 15:30.  Kl 14:30 vert det open omvisning i utstillinga Opplut og belte med Agnete Sivertsen.   Fra pressemeldinga sendt ut i samband med denne omvisninga: Hardanger...

Bli med Agnete på omvising i utstillinga Opplut og belte

Bli med Agnete på omvising i utstillinga Opplut og belte

Søndag 3. oktober kl 14.30 på Hardanger Folkemuseum, Utne. Programmet er ope for alle interesserte. Hardanger Historielag spanderer inngangsbilletten. I etterkan er det årsmøte for medlemene i Hardanger Historielag. Hardanger folkemuseum hadde stor suksess med...

Andre aktuelle saker

Vellukka årsmøte 2021

Vellukka årsmøte 2021

Gunnar Ingvaldsson Folkedal vart attvald som leiar i Hardanger Historielag. Også dei andre tok attval og styret kan arbeida vidare i eit godt samarbeidsklima. Ei hovudsak framover blir å få flytta bibliografien for årbøkene over frå dei gamle til dei nye heimesidene...

Årsmøte 2021

Årsmøte 2021

Hardanger Historielag held utsett årsmøte på Hardanger Folkemeuseum på Utne sundag 3. oktober kl 15:30.  Kl 14:30 vert det open omvisning i utstillinga Opplut og belte med Agnete Sivertsen.   Fra pressemeldinga sendt ut i samband med denne omvisninga: Hardanger...