
Velkomen til kulturkveld i Espe Grannahus
Fredag den 25. september kjem professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde til Espe. I 2025 gav han ut boka “Forsvarstale for eit vondt menneske – ei kvinnehistorie frå 1700-talet”.
Denne historia utspelar seg i Sørfjorden. Øyrehagen Sunde er kjend som ein drivande god formidlar som teiknar levande bilete rundt personane han fortel om. Han har halde mange foredrag i Hardanger og vunne prisar for god formidling. Han er mellom anna kjend for bok og prosjektarbeid med Magnus Lagabøtes landslov av 1274. 
Espe Bygdekvinnelag og Hardanger Historielag er oppglødde for at vi kan tilby dette foredraget. Vi lovar ein kveld med drivande god forteljing, kaffikos og trivnad, Odda bibliotek kjem med ei bokutstilling knytt til lokalhistorie og Hardanger historielag har bøker for sal. Om veret er høveleg, er det mogeleg å gå turen opp til Hyggje etterpå. Denne plassen ligg ca 15 minutt ovanfor Espe Grannahus.
Både grannar og tilreisande er velkomne til kulturkvelden. Vi oppmodar om å køyra saman, men vil ha parkeringsvakter for å hjelpa til.
Møt i god tid frå 17.30. Foredraget startar kl 18.00, og før og etter blir det sal av kaffi/te og kaker. Inngangsbillett: kr 100,- . Betaling helst på Vipps.
Helsing Hardanger Historielag og Espe bygdekvinnelag
Årsmøte 2023
Hardanger Historielag held årsmøte på Hardanger Folkemeuseum på Utne sundag 19. mars kl 16:30. Etter årsmøtet vert det innlegg av Aud Mari Eitrheim som orienterer om 300 års-jubileet til Hesthamar Skrivargard, restaureringsarbeidet og planane framover. Ho vil også...
Haustturen til Vallavik og Hallanger
Hardanger Historielag sin tur til Vallavik og Hallanger samla i alt 50 personar søndag 21. august 2022. Paul Wallevik som eig garden og husa i Vallavik no, tok raust imot oss i den gamle løa som han prøver å gjera til eit lite kultursenter. Dagen før hadde prosjektet...
Årboka HARDANGER 2022
Alle medlemer skal no ha fått årboka 2022 i posten. Om du saknar årboka for 2022, kan det vera at vi har feil adresse. Kanskje har du flytta, fått ny adresse eller fått postboks? Vi ber dykk senda adresse-endring i e-post til [email protected] eller ringja...


