
Velkomen til årsmøte og kulturprogram
Sundag 22. mars 2026 på Hardanger Folkemuseum, inngang på baksida.
Klokka 16.30 Årsmøte. Kaffi/te og enkel servering etter møtet.
Klokka 17.30 Johild Mæland held føredrag med tittelen Roser, kunst og kroting. Føredraget er ope for alle interesserte, så ta gjerne med deg andre.
Johild Mæland er glad i fargar og er ein kunstnar, kunsthistorikar, lærar og dekormålar som opererer både i dei store salar og i dei små stover. Ho er trygg på tradisjonar, men er òg nyskapande. Ho har utført restaureringsarbeid ved Utne Hotel, Trudvang Ungdomshus i Granvin, Naturhistorisk Museum i Bergen og Hanseatisk Museum i Bergen. Mange har òg hatt ho som lærar, fått restaurert kister og skrin hjå ho, eller kjøpt seg eit av hennar mange kunstverk. I føredraget drar ho liner til gjenstandar i museumsutstillinga Dekor på tre, fortel om kroting i røykstover, om restaureringsoppdrag med ådring og dekormåling, og viser korleis ho brukar rosemåling som element i eigne måleri.
Johild har eit alsidig utdannings- og yrkesliv bak seg. Ho har utdanning i rosemåling og gamle målingsteknikkar, ho er lærar, er utdanna kunstnar og kunsthistorikar, og har studert og gjenskapt kroting i gamle røykstover. Alt i gymnastida fekk ho interesse for rosemåling og gjekk eit år på rosemålingslina ved yrkesskulen på Sand i Ryfylke. Seinare lærde ho gamle malingsteknikkar ved eit årsstudium i Sverige og ho har utført retusjering, nymaling og rekonstruksjonar på bygg og dekormåla gjenstandar. Johild har utvikla eigen karriære som biletkunstnar og er aktiv i Hardingpuls.
Ta gjerne ein kikk på den imponerande CV-en hennar: https://www.johildmaeland.no/about
Årsmøte 2023
Hardanger Historielag held årsmøte på Hardanger Folkemeuseum på Utne sundag 19. mars kl 16:30. Etter årsmøtet vert det innlegg av Aud Mari Eitrheim som orienterer om 300 års-jubileet til Hesthamar Skrivargard, restaureringsarbeidet og planane framover. Ho vil også...
Haustturen til Vallavik og Hallanger
Hardanger Historielag sin tur til Vallavik og Hallanger samla i alt 50 personar søndag 21. august 2022. Paul Wallevik som eig garden og husa i Vallavik no, tok raust imot oss i den gamle løa som han prøver å gjera til eit lite kultursenter. Dagen før hadde prosjektet...
Årboka HARDANGER 2022
Alle medlemer skal no ha fått årboka 2022 i posten. Om du saknar årboka for 2022, kan det vera at vi har feil adresse. Kanskje har du flytta, fått ny adresse eller fått postboks? Vi ber dykk senda adresse-endring i e-post til [email protected] eller ringja...


