
Severine Seljestad sitt eventyrlege liv
Severine Seljestad er ei av jentene på det kjende fotoet frå Seljestad skysstasjon. Motivet er kjent både som foto og frimerke og det er omskrive i årboka Hardanger 2015. Torbjørg Seljestad som står med skrinet, er mest kjend. Ho var lenge hotellvertinne på Hotel Folgefonn. På bakken i bakgrunnen sit systera Severine. Ho var født i 1878 og reiste til Amerika i 1898. Då starta eit eventyrleg liv. Likevel kom ho tilbake til Seljestad, gifta seg med naboguten og busette seg på husmannsplassen nedanfor hotellet. Kva opplevde ho “over there” og kven var ho? Overgangen frå riksmannsliv i USA til små kår på Seljestad var stor. Barnebarnet Bjørn Seljestad vil visa foto og kåsera om bestemor si. Bjørn er lærar i Haugesund, men kjem frå Odda og har fritidsbustad på Seljestad.
Hardanger Historielag er arrangør i samarbeid med Odda bibliotek.
Dei flotte kyrkjebåtane i Hardanger er tema før årsmøtet 3. april
I samband med årsmøtet 2022, inviterer Hardanger Historielag til foredrag om kyrkjebåtar i Hardanger. Båtbyggjar Peter Helland Hansen ved Hardanger fartøyvernsenter omtalar foredraget sitt slik: "Bruken av kyrkjebåtar har rike tradisjonar i Hardanger. Både skriftlege...
Støtte til lokalhistorisk arbeid
Hardanger Historielag støttar arbeid som fremjar gransking av historia til Hardangerbygdene, eller har som mål å spreia kunnskap om og skapa interesse for denne historia. Søknad kan sendast til Hardanger Historielag, Folkedalsvegen 286, 5736 GRANVIN...
Årboka HARDANGER 2021
Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Om nokon saknar ho eller har fått ny adresse i det siste, ber vi dykk senda e-post til [email protected] eller ringa oss på telefon 918 45 719. Vil du kjøpa fleire, kan du tinga på same måte. Då kjem porto i...


