Severine Seljestad sitt eventyrlege liv

17.01.19 | Arkiv

Severine Seljestad er ei av jentene på det kjende fotoet frå Seljestad skysstasjon. Motivet er kjent både som foto og frimerke og det er omskrive i årboka Hardanger 2015. Torbjørg Seljestad som står med skrinet, er mest kjend. Ho var lenge hotellvertinne på Hotel Folgefonn. På bakken i bakgrunnen sit systera Severine. Ho var født i 1878 og reiste til Amerika i 1898. Då starta eit eventyrleg liv. Likevel kom ho tilbake til Seljestad, gifta seg med naboguten og busette seg på husmannsplassen nedanfor hotellet. Kva opplevde ho “over there” og kven var ho? Overgangen frå riksmannsliv i USA til små kår på Seljestad var stor. Barnebarnet Bjørn Seljestad vil visa foto og kåsera om bestemor si. Bjørn er lærar i Haugesund, men kjem frå Odda og har fritidsbustad på Seljestad. 

Hardanger Historielag er arrangør i samarbeid med Odda bibliotek.

Årboka HARDANGER 2021

Årboka HARDANGER 2021

Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Om nokon saknar ho eller har fått ny adresse i det siste, ber vi dykk senda e-post til [email protected] eller ringa oss på telefon 918 45 719. Vil du kjøpa fleire, kan du tinga på same måte. Då kjem porto i...

Vellukka årsmøte 2021

Vellukka årsmøte 2021

Gunnar Ingvaldsson Folkedal vart attvald som leiar i Hardanger Historielag. Også dei andre tok attval og styret kan arbeida vidare i eit godt samarbeidsklima. Ei hovudsak framover blir å få flytta bibliografien for årbøkene over frå dei gamle til dei nye heimesidene...

Årsmøte 2021

Årsmøte 2021

Hardanger Historielag held utsett årsmøte på Hardanger Folkemeuseum på Utne sundag 3. oktober kl 15:30.  Kl 14:30 vert det open omvisning i utstillinga Opplut og belte med Agnete Sivertsen.   Fra pressemeldinga sendt ut i samband med denne omvisninga: Hardanger...