Severine Seljestad sitt eventyrlege liv

17.01.19 | Arkiv

Severine Seljestad er ei av jentene på det kjende fotoet frå Seljestad skysstasjon. Motivet er kjent både som foto og frimerke og det er omskrive i årboka Hardanger 2015. Torbjørg Seljestad som står med skrinet, er mest kjend. Ho var lenge hotellvertinne på Hotel Folgefonn. På bakken i bakgrunnen sit systera Severine. Ho var født i 1878 og reiste til Amerika i 1898. Då starta eit eventyrleg liv. Likevel kom ho tilbake til Seljestad, gifta seg med naboguten og busette seg på husmannsplassen nedanfor hotellet. Kva opplevde ho “over there” og kven var ho? Overgangen frå riksmannsliv i USA til små kår på Seljestad var stor. Barnebarnet Bjørn Seljestad vil visa foto og kåsera om bestemor si. Bjørn er lærar i Haugesund, men kjem frå Odda og har fritidsbustad på Seljestad. 

Hardanger Historielag er arrangør i samarbeid med Odda bibliotek.

Presentasjon av Årboka 2023

Presentasjon av Årboka 2023

Vi ønskjer velkommen til presentasjon av Årboka 2023 på Norheimsund Bibliotek 6. desember kl 18.   Årboka er i år på over 200 sider fulle av gode artiklar og bilete fra Hardanger. Redaktør Knut Markhus og Heidi Richardson vil fortelja om boka.

Hotell i særklasse

Hotell i særklasse

Laurdag 15. april ynskjer Hardanger Historielag, Kraftmuseet og Sentralbadet Litteraturhus i Odda velkomen til temadag om Hotel Hardanger og andre Hardanger-hotell med arkitekt Jess sin signatur. Billettar, kr 200,- / honnør 150,-, kan kjøpast på TicketCo «Hotell i...

Årsmøte 2023

Årsmøte 2023

Hardanger Historielag held årsmøte på Hardanger Folkemeuseum på Utne sundag 19. mars kl 16:30. Etter årsmøtet vert det innlegg av Aud Mari Eitrheim som orienterer om 300 års-jubileet til Hesthamar Skrivargard, restaureringsarbeidet  og planane framover. Ho vil også...