
Årsmøte 18. mars 2018
Årsmøte i Hardanger Historielag og miniseminar:
Aga-arkivet. Kva skattar kan finnast i ei kiste med gamle papir?
Sundag 18. mars kl 15 (Miniseminar 15.30) på Hardanger folkemuseum, Utne
Me ønskjer velkomen til årsmøte 2018. Etter dei vanlege årsmøtesakene vert det miniseminar – i år med fokus på arkiv. Her fortel Birgit Jaastad om 10 års arbeid med papira på eit loft på Aga. Korleis kom arbeidet i gang og kva fanga interessa? Korleis gjekk ho fram for å sikre og ordne samlinga av brev og dokument? Arbeidet med Aga-arkivet kan ha overføringsverdi for andre som sit på liknande skattar, kanskje utan å vita at dei er nettopp det.
Birgit Jaastad er cand.philol. /lektor frå Universitetet i Oslo. Ho har arbeidd med Aga-arkivet sidan 2007, skrive fleire artiklar og halde kåseri med emne frå dette.
Open kafé frå kl 14 – velkomen!
Støtte til lokalhistorisk arbeid
Hardanger Historielag støttar arbeid som fremjar gransking av historia til Hardangerbygdene, eller har som mål å spreia kunnskap om og skapa interesse for denne historia. Søknad kan sendast til Hardanger Historielag, Folkedalsvegen 286, 5736 GRANVIN...
Årboka HARDANGER 2021
Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Om nokon saknar ho eller har fått ny adresse i det siste, ber vi dykk senda e-post til [email protected] eller ringa oss på telefon 918 45 719. Vil du kjøpa fleire, kan du tinga på same måte. Då kjem porto i...
Vellukka årsmøte 2021
Gunnar Ingvaldsson Folkedal vart attvald som leiar i Hardanger Historielag. Også dei andre tok attval og styret kan arbeida vidare i eit godt samarbeidsklima. Ei hovudsak framover blir å få flytta bibliografien for årbøkene over frå dei gamle til dei nye heimesidene...


