Årsmøte 18. mars 2018

07.03.18 | Arkiv

Årsmøte i Hardanger Historielag og miniseminar:

Aga-arkivet. Kva skattar kan finnast i ei kiste med gamle papir?

Sundag 18. mars kl 15 (Miniseminar 15.30) på Hardanger folkemuseum, Utne

Me ønskjer velkomen til årsmøte 2018. Etter dei vanlege årsmøtesakene vert det miniseminar –  i år med fokus på arkiv.  Her fortel Birgit Jaastad om 10 års arbeid med papira på eit loft på Aga. Korleis kom arbeidet i gang og kva fanga interessa? Korleis gjekk ho fram for å sikre og ordne samlinga av brev og dokument? Arbeidet med Aga-arkivet kan ha overføringsverdi for andre som sit på liknande skattar, kanskje utan å vita at dei er nettopp det.

Birgit Jaastad er cand.philol. /lektor frå Universitetet i Oslo. Ho har arbeidd med Aga-arkivet sidan 2007, skrive fleire artiklar og halde kåseri med emne frå dette.

Open kafé frå kl 14 – velkomen!

Støtte til lokalhistorisk arbeid 2024

Støtte til lokalhistorisk arbeid 2024

Hardanger Historielag støttar arbeid som fremjar gransking av historia til Hardangerbygdene, eller har som mål å spreia kunnskap om og skapa interesse for denne historia. Søknad kan sendast til Hardanger Historielag, Folkedalsvegen 286, 5736 GRANVIN...

Årboka HARDANGER 2023

Årboka HARDANGER 2023

Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Men saknar du ho må du melda frå til leiar Gunnar I. Folkedal, på telefon eller e-post som du finn her på nettsida vår. Det kan vera at vi har feil postadresse til deg, eller det kan ha blitt ei feil i utsendinga.   ...

Presentasjon av Årboka 2023

Presentasjon av Årboka 2023

Vi ønskjer velkommen til presentasjon av Årboka 2023 på Norheimsund Bibliotek 6. desember kl 18.   Årboka er i år på over 200 sider fulle av gode artiklar og bilete fra Hardanger. Redaktør Knut Markhus og Heidi Richardson vil fortelja om boka.