Årsmøte 18. mars 2018

07.03.18 | Arkiv

Årsmøte i Hardanger Historielag og miniseminar:

Aga-arkivet. Kva skattar kan finnast i ei kiste med gamle papir?

Sundag 18. mars kl 15 (Miniseminar 15.30) på Hardanger folkemuseum, Utne

Me ønskjer velkomen til årsmøte 2018. Etter dei vanlege årsmøtesakene vert det miniseminar –  i år med fokus på arkiv.  Her fortel Birgit Jaastad om 10 års arbeid med papira på eit loft på Aga. Korleis kom arbeidet i gang og kva fanga interessa? Korleis gjekk ho fram for å sikre og ordne samlinga av brev og dokument? Arbeidet med Aga-arkivet kan ha overføringsverdi for andre som sit på liknande skattar, kanskje utan å vita at dei er nettopp det.

Birgit Jaastad er cand.philol. /lektor frå Universitetet i Oslo. Ho har arbeidd med Aga-arkivet sidan 2007, skrive fleire artiklar og halde kåseri med emne frå dette.

Open kafé frå kl 14 – velkomen!

Frå Moster til Hardanger. – Temahelg 16.–17. november

Frå Moster til Hardanger. – Temahelg 16.–17. november

2024 er eit stort jubileumsår i Noreg. Vi feirar at det er1000 år sidan kristenretten vart innført på Moster, og 750 år for Magnus Lagabøte si landslov. Landslova av 1274 vart skriven i Bergen, men kva fekk lova å sei i Hardanger? – Meir enn vi tenkjer på til dagleg i...

Besøk på Nes gard

Besøk på Nes gard

Sundag 2. juni arrangerer vi besøk på Nes gard.   Garden er eigd av Geirmund Nes og ligg mellom Øystese og Norheimsund (Hardanger Feriesenter). Han har bygd opp ein klosterhage og har eit privat museum med svært mange interessante gjenstandar. Dessutan er han ein...

Årsmøte 2024

Årsmøte 2024

Hardanger Historielag held årsmøte på Hesthamar skrivargard sundag 7. april kl 15:30. Etter årsmøtet kan de vera med på skrivargarden sitt program kl 17.00 der Guttorm Rogdaberg og Brita Jordal fortel om "Hardangerforfattaren Gro Holm - ei av fire store". Her er det...