Jørn Øyrehagen Sunde

Jørn Øyrehagen Sunde

Kulturkvelden med Jørn Øyrehagen Sunde trekte fullt hus

29. sep 2026 | Nyhende

Kulturkvelden med Jørn Øyrehagen Sunde trekte fullt hus

29.09.26 | Nyhende

Det vart fullt hus og kraftig applaus i Espe Grannahus fredag 25. september. Nær hundre fekk oppleva Jørn Øyrehagen Sunde i eit svært fengslande og ofte humoristisk foredrag om den vonde Kari Knutsdatter og hennar samtid.

Sunde fortalde om ein tidsperiode der folk var opplært til å tru at både Gud og Djevelen var mellom oss her på jorda og kunne gripa inn i livet til kvar og ein. I tillegg dreiv Kari Knutsdatter både med trolldom og årelating, eit alternativ til utdanna lækjarar som det var ingen av i Hardanger på den tid, eller som det kosta alt for mykje å tilkalla. Det er nesten vanskeleg å forstå kor annleis tankegang, tru og rettspraksis var i Noreg for berre 250 år sidan, men med rettshistorikar Øyrehagen Sunde sine pedagogiske grep, vert det klart og levande framstilt. Alle kunne sjå for seg kor tett folk levde i klyngetunet på Espe, korleis Kari var med og utførte drap på husmannsplassen Hyggje ovanfor tunet, og kor vanskeleg det var å koma seg opp og fram for fattige jenter, sjølv for den “gatesmarte” Kari.  Det er ingen grunn til å romantisera fortida, men svært interessant å læra om ho og forstå kva endringar vi har vore gjennom. Sunde filosoferte avslutningsvis litt over kva dilemma det kan vera når mange ser urett andre opplever, men ikkje vågar melda frå. 

Kulturkvelden var Espe bygdekvinnelag og Hardanger Historielag sitt første samarbeidsprosjekt, men kanskje kan det verta fleire tilstellingar i det høgreiste grannahuset? Bygdekvinnelaget sto for kakebuffet og veitlegraut, – Jørn sin favoritt når han er i Hardanger, historielaget selde bokverket Hardanger – ei regionhistorie, og Marta Bjørgum Mæland som hadde initiativet til det heile, sørga for god møteleiing og takka Sunde med eple og fine vottar. 

For alle som ikkje kunne koma til Espe, er det berre å kjøpa billett til Sentralbadet Litteraturhus i Odda den 22. oktober der Jørn Øyrehagen Sunde kjem tilbake med “Forsvarstale for eit vondt menneske”. 

Brita Jordal for Hardanger Historielag og Espe bygdekvinnelag

Årsmøte 2023

Årsmøte 2023

Hardanger Historielag held årsmøte på Hardanger Folkemeuseum på Utne sundag 19. mars kl 16:30. Etter årsmøtet vert det innlegg av Aud Mari Eitrheim som orienterer om 300 års-jubileet til Hesthamar Skrivargard, restaureringsarbeidet  og planane framover. Ho vil også...

Haustturen til Vallavik og Hallanger

Haustturen til Vallavik og Hallanger

Hardanger Historielag sin tur til Vallavik og Hallanger samla i alt 50 personar søndag 21. august 2022. Paul Wallevik som eig garden og husa i Vallavik no, tok raust imot oss i den gamle løa som han prøver å gjera til eit lite kultursenter. Dagen før hadde prosjektet...

Årboka HARDANGER 2022

Årboka HARDANGER 2022

Alle medlemer skal no ha fått årboka 2022 i posten. Om du saknar årboka for 2022, kan det vera at vi har feil adresse. Kanskje har du flytta, fått ny adresse eller fått postboks? Vi ber dykk senda adresse-endring i e-post til [email protected] eller ringja...

Andre aktuelle saker