
Kulturkvelden med Jørn Øyrehagen Sunde trekte fullt hus
Det vart fullt hus og kraftig applaus i Espe Grannahus fredag 25. september. Nær hundre fekk oppleva Jørn Øyrehagen Sunde i eit svært fengslande og ofte humoristisk foredrag om den vonde Kari Knutsdatter og hennar samtid.
Sunde fortalde om ein tidsperiode der folk var opplært til å tru at både Gud og Djevelen var mellom oss her på jorda og kunne gripa inn i livet til kvar og ein. I tillegg dreiv Kari Knutsdatter både med trolldom og årelating, eit alternativ til utdanna lækjarar som det var ingen av i Hardanger på den tid, eller som det kosta alt for mykje å tilkalla. Det er nesten vanskeleg å forstå kor annleis tankegang, tru og rettspraksis var i Noreg for berre 250 år sidan, men med rettshistorikar Øyrehagen Sunde sine pedagogiske grep, vert det klart og levande framstilt. Alle kunne sjå for seg kor tett folk levde i klyngetunet på Espe, korleis Kari var med og utførte drap på husmannsplassen Hyggje ovanfor tunet, og kor vanskeleg det var å koma seg opp og fram for fattige jenter, sjølv for den “gatesmarte” Kari. Det er ingen grunn til å romantisera fortida, men svært interessant å læra om ho og forstå kva endringar vi har vore gjennom. Sunde filosoferte avslutningsvis litt over kva dilemma det kan vera når mange ser urett andre opplever, men ikkje vågar melda frå.
Kulturkvelden var Espe bygdekvinnelag og Hardanger Historielag sitt første samarbeidsprosjekt, men kanskje kan det verta fleire tilstellingar i det høgreiste grannahuset? Bygdekvinnelaget sto for kakebuffet og veitlegraut, – Jørn sin favoritt når han er i Hardanger, historielaget selde bokverket Hardanger – ei regionhistorie, og Marta Bjørgum Mæland som hadde initiativet til det heile, sørga for god møteleiing og takka Sunde med eple og fine vottar.
For alle som ikkje kunne koma til Espe, er det berre å kjøpa billett til Sentralbadet Litteraturhus i Odda den 22. oktober der Jørn Øyrehagen Sunde kjem tilbake med “Forsvarstale for eit vondt menneske”.
Brita Jordal for Hardanger Historielag og Espe bygdekvinnelag
Besøk på Nes gard
Sundag 2. juni arrangerer vi besøk på Nes gard. Garden er eigd av Geirmund Nes og ligg mellom Øystese og Norheimsund (Hardanger Feriesenter). Han har bygd opp ein klosterhage og har eit privat museum med svært mange interessante gjenstandar. Dessutan er han ein...
Årsmøte 2024
Hardanger Historielag held årsmøte på Hesthamar skrivargard sundag 7. april kl 15:30. Etter årsmøtet kan de vera med på skrivargarden sitt program kl 17.00 der Guttorm Rogdaberg og Brita Jordal fortel om "Hardangerforfattaren Gro Holm - ei av fire store". Her er det...
Støtte til lokalhistorisk arbeid 2024
Hardanger Historielag støttar arbeid som fremjar gransking av historia til Hardangerbygdene, eller har som mål å spreia kunnskap om og skapa interesse for denne historia. Søknad kan sendast til Hardanger Historielag, Folkedalsvegen 286, 5736 GRANVIN...


