
Kulturkvelden med Jørn Øyrehagen Sunde trekte fullt hus
Det vart fullt hus og kraftig applaus i Espe Grannahus fredag 25. september. Nær hundre fekk oppleva Jørn Øyrehagen Sunde i eit svært fengslande og ofte humoristisk foredrag om den vonde Kari Knutsdatter og hennar samtid.
Sunde fortalde om ein tidsperiode der folk var opplært til å tru at både Gud og Djevelen var mellom oss her på jorda og kunne gripa inn i livet til kvar og ein. I tillegg dreiv Kari Knutsdatter både med trolldom og årelating, eit alternativ til utdanna lækjarar som det var ingen av i Hardanger på den tid, eller som det kosta alt for mykje å tilkalla. Det er nesten vanskeleg å forstå kor annleis tankegang, tru og rettspraksis var i Noreg for berre 250 år sidan, men med rettshistorikar Øyrehagen Sunde sine pedagogiske grep, vert det klart og levande framstilt. Alle kunne sjå for seg kor tett folk levde i klyngetunet på Espe, korleis Kari var med og utførte drap på husmannsplassen Hyggje ovanfor tunet, og kor vanskeleg det var å koma seg opp og fram for fattige jenter, sjølv for den “gatesmarte” Kari. Det er ingen grunn til å romantisera fortida, men svært interessant å læra om ho og forstå kva endringar vi har vore gjennom. Sunde filosoferte avslutningsvis litt over kva dilemma det kan vera når mange ser urett andre opplever, men ikkje vågar melda frå.
Kulturkvelden var Espe bygdekvinnelag og Hardanger Historielag sitt første samarbeidsprosjekt, men kanskje kan det verta fleire tilstellingar i det høgreiste grannahuset? Bygdekvinnelaget sto for kakebuffet og veitlegraut, – Jørn sin favoritt når han er i Hardanger, historielaget selde bokverket Hardanger – ei regionhistorie, og Marta Bjørgum Mæland som hadde initiativet til det heile, sørga for god møteleiing og takka Sunde med eple og fine vottar.
For alle som ikkje kunne koma til Espe, er det berre å kjøpa billett til Sentralbadet Litteraturhus i Odda den 22. oktober der Jørn Øyrehagen Sunde kjem tilbake med “Forsvarstale for eit vondt menneske”.
Brita Jordal for Hardanger Historielag og Espe bygdekvinnelag
Årsmøtesak: vedtektsendring. Kunngjering av utsett søknadsfrist for støtte til lokalhistorisk arbeid
Hardanger historielag held årsmøte på Hardanger folkemuseum på Utne søndag 23.mars kl 16.30. I tillegg til vanlege årsmøtesaker fremjar styret dette framlegget til endring i vedtektene. Noverande tekst: 1 Føremål Hardanger Historielag har til føremål å fremja...
Årboka HARDANGER 2024
Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Men saknar du ho må du melda frå til leiar Gunnar I. Folkedal på telefon 918 45 719 eller e-post [email protected]. Det kan vera at vi har feil postadresse til deg, - har du flytta kanskje? Eller det kan ha...
Frå Moster til Hardanger. – Temahelg 16.–17. november
2024 er eit stort jubileumsår i Noreg. Vi feirar at det er1000 år sidan kristenretten vart innført på Moster, og 750 år for Magnus Lagabøte si landslov. Landslova av 1274 vart skriven i Bergen, men kva fekk lova å sei i Hardanger? – Meir enn vi tenkjer på til dagleg i...


