Historisk kraftvandring i Ålvikfjellet
Søndag 30. august inviterer Hardanger Historielag og Kraftmuseet i Tyssedal til ein spanande tur i Ålvikfjellet. Tema er kraftutbygging i høgfjellet. Her finn vi kulturminne gjennom meir enn hundre år med kraftutbygging rundt Bjølsegrø-magasinet (863 m.o.h). Vatn herifrå har gitt kraft til industriproduksjonen i Ålvik i meir enn hundre år.
Fossekampaniet A/S Bjølvefossen vart stifta alt i 1905, og i 1916 vart den første kraftstasjonen i Ytre Ålvik sett i drift. Anlegget er sidan bygd ut i etappar for å sikre nok vasskraft til Bjølvo kraftverk.
Mange spor etter tidlegare anlegg er no rydda vekk i fjellet. Før ryddinga dokumenterte Kraftmuseet (tidlegare Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum) i Tyssedal historia på oppdrag frå Statkraft. Prosjektleiar for dokumentasjonsarbeidet, Terje Kollbotn, er turleiar søndag 30.august. Han vil ha med seg Sigbjørn Ålvik og fleire informantar som vart intervjua i 2014.
Turen startar med frammøte ved butikken i Ålvik kl. 10.00 (tilpassa ferje frå Utne 9.30) der vi organiserer felles biltransport langs bomvegen frå Vikedal til Hedlerdalen, ca. 600 m.o.h. Derifrå blir det fottur til Bjølsegrø-dammen, Synken og til Toppen av den tidlegare trallebanen og røyrgata der vi får ein fantastisk utsikt før retur langs anleggsvegen til bilane i Hedlerdalen. Avslutting i Ålvik sentrum seinast kl. 17.30. Vi reknar rundt 5 timars gange pluss tid til formidling av ei unik dam- og taubanehistorie, brakkeliv og vedlikehaldsarbeid.
Bindande påmelding på SMS til 901 39 984.
Ta med niste og ekstra klede og få med deg ein viktig del av Hardanger si anleggs- og krafthistorie, kombinert med ein flott fjelltur.
Årboka HARDANGER 2022
Alle medlemer skal no ha fått årboka 2022 i posten. Om du saknar årboka for 2022, kan det vera at vi har feil adresse. Kanskje har du flytta, fått ny adresse eller fått postboks? Vi ber dykk senda adresse-endring i e-post til [email protected] eller ringja...
Bli med oss på tur til Vallavik og Hallanger den 21. august 2022
Hardanger Historielag inviterer til ny tur i Hardanger. I år kan du bli med til Vallavik og Hallanger. Dette er to særprega stader med historisk sus frå brubygging, båtbygging, fotografering, bjørnejakt, flystyrt under krigen og mykje anna. Men har du nokon gong vore...
Dei flotte kyrkjebåtane i Hardanger er tema før årsmøtet 3. april
I samband med årsmøtet 2022, inviterer Hardanger Historielag til foredrag om kyrkjebåtar i Hardanger. Båtbyggjar Peter Helland Hansen ved Hardanger fartøyvernsenter omtalar foredraget sitt slik: "Bruken av kyrkjebåtar har rike tradisjonar i Hardanger. Både skriftlege...