Historisk kraftvandring i Ålvikfjellet
Søndag 30. august inviterer Hardanger Historielag og Kraftmuseet i Tyssedal til ein spanande tur i Ålvikfjellet. Tema er kraftutbygging i høgfjellet. Her finn vi kulturminne gjennom meir enn hundre år med kraftutbygging rundt Bjølsegrø-magasinet (863 m.o.h). Vatn herifrå har gitt kraft til industriproduksjonen i Ålvik i meir enn hundre år.
Fossekampaniet A/S Bjølvefossen vart stifta alt i 1905, og i 1916 vart den første kraftstasjonen i Ytre Ålvik sett i drift. Anlegget er sidan bygd ut i etappar for å sikre nok vasskraft til Bjølvo kraftverk.
Mange spor etter tidlegare anlegg er no rydda vekk i fjellet. Før ryddinga dokumenterte Kraftmuseet (tidlegare Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum) i Tyssedal historia på oppdrag frå Statkraft. Prosjektleiar for dokumentasjonsarbeidet, Terje Kollbotn, er turleiar søndag 30.august. Han vil ha med seg Sigbjørn Ålvik og fleire informantar som vart intervjua i 2014.
Turen startar med frammøte ved butikken i Ålvik kl. 10.00 (tilpassa ferje frå Utne 9.30) der vi organiserer felles biltransport langs bomvegen frå Vikedal til Hedlerdalen, ca. 600 m.o.h. Derifrå blir det fottur til Bjølsegrø-dammen, Synken og til Toppen av den tidlegare trallebanen og røyrgata der vi får ein fantastisk utsikt før retur langs anleggsvegen til bilane i Hedlerdalen. Avslutting i Ålvik sentrum seinast kl. 17.30. Vi reknar rundt 5 timars gange pluss tid til formidling av ei unik dam- og taubanehistorie, brakkeliv og vedlikehaldsarbeid.
Bindande påmelding på SMS til 901 39 984.
Ta med niste og ekstra klede og få med deg ein viktig del av Hardanger si anleggs- og krafthistorie, kombinert med ein flott fjelltur.
Støtte til lokalhistorisk arbeid 2024
Hardanger Historielag støttar arbeid som fremjar gransking av historia til Hardangerbygdene, eller har som mål å spreia kunnskap om og skapa interesse for denne historia. Søknad kan sendast til Hardanger Historielag, Folkedalsvegen 286, 5736 GRANVIN...
Årboka HARDANGER 2023
Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Men saknar du ho må du melda frå til leiar Gunnar I. Folkedal, på telefon eller e-post som du finn her på nettsida vår. Det kan vera at vi har feil postadresse til deg, eller det kan ha blitt ei feil i utsendinga. ...
Presentasjon av Årboka 2023
Vi ønskjer velkommen til presentasjon av Årboka 2023 på Norheimsund Bibliotek 6. desember kl 18. Årboka er i år på over 200 sider fulle av gode artiklar og bilete fra Hardanger. Redaktør Knut Markhus og Heidi Richardson vil fortelja om boka.