
Historisk kraftvandring i Ålvikfjellet
Søndag 30. august inviterer Hardanger Historielag og Kraftmuseet i Tyssedal til ein spanande tur i Ålvikfjellet. Tema er kraftutbygging i høgfjellet. Her finn vi kulturminne gjennom meir enn hundre år med kraftutbygging rundt Bjølsegrø-magasinet (863 m.o.h). Vatn herifrå har gitt kraft til industriproduksjonen i Ålvik i meir enn hundre år.
Fossekampaniet A/S Bjølvefossen vart stifta alt i 1905, og i 1916 vart den første kraftstasjonen i Ytre Ålvik sett i drift. Anlegget er sidan bygd ut i etappar for å sikre nok vasskraft til Bjølvo kraftverk.
Mange spor etter tidlegare anlegg er no rydda vekk i fjellet. Før ryddinga dokumenterte Kraftmuseet (tidlegare Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum) i Tyssedal historia på oppdrag frå Statkraft. Prosjektleiar for dokumentasjonsarbeidet, Terje Kollbotn, er turleiar søndag 30.august. Han vil ha med seg Sigbjørn Ålvik og fleire informantar som vart intervjua i 2014.
Turen startar med frammøte ved butikken i Ålvik kl. 10.00 (tilpassa ferje frå Utne 9.30) der vi organiserer felles biltransport langs bomvegen frå Vikedal til Hedlerdalen, ca. 600 m.o.h. Derifrå blir det fottur til Bjølsegrø-dammen, Synken og til Toppen av den tidlegare trallebanen og røyrgata der vi får ein fantastisk utsikt før retur langs anleggsvegen til bilane i Hedlerdalen. Avslutting i Ålvik sentrum seinast kl. 17.30. Vi reknar rundt 5 timars gange pluss tid til formidling av ei unik dam- og taubanehistorie, brakkeliv og vedlikehaldsarbeid.
Bindande påmelding på SMS til 901 39 984.
Ta med niste og ekstra klede og få med deg ein viktig del av Hardanger si anleggs- og krafthistorie, kombinert med ein flott fjelltur.
Årboka HARDANGER 2025
Årboka var tidleg ferdig i år og er sendt ut til alle medlemer. Knut Markhus held fram som redaktør, men grafisk utforming er ved L J Aga Reklame i Granvin og trykkeriet er Printfarm AS i Øvre Årdal. Vi i styret håpar du er nøgd med produktet, men tek gjerne imot...
Bli med Hardanger Historielag til Viketunet i Jondal
Tid: Tysdag 23. september kl 12:00–14.30. NB! Påmelding innan 18.09. grunna mat. Det finst mange interessante historier om folk som har utvandra til Amerika. Viketunet i sentrum av Jondal har i sommar hatt ei spesiell utstilling i samband med Utvandrarjubileet. Eit...
Etter årsmøtet 2025: Møt Åse Teigland og Arne Fykse frå Hardanger folkemusikksamling
Folkemusikk, song og dans er viktige sider ved kulturen i Hardanger og for at denne kulturen skal bli hugsa, driv Hardanger Folkemusikksamling innsamling eller dokumentasjon. Åse Teigland er styreleiar for samlinga. No er dei i gang med eit nytt 3-årig prosjekt med...


