Frå Moster til Hardanger. – Temahelg 16.–17. november
2024 er eit stort jubileumsår i Noreg. Vi feirar at det er1000 år sidan kristenretten vart innført på Moster, og 750 år for Magnus Lagabøte si landslov. Landslova av 1274 vart skriven i Bergen, men kva fekk lova å sei i Hardanger? – Meir enn vi tenkjer på til dagleg i alle fall.
Helga 16.–17. november inviterer Hardanger Historielag, Kyrkjene i Ullensvang og Fortidsminneforeningen Hardanger Lokallag til temadagar omkring desse spørsmåla. Laurdagen er programmet lagt til Lofthus og søndagen til Kinsarvik.
“Vår eigen” kulturvitar Guttorm Rogdaberg skal ha foredrag om Ullensvang kyrkje som vart bygt på 1200-talet. Han vil avsløra fleire spor og detaljer i bygget som går direkte til Magnus Lagabøte, eller “kongen som ville Noreg vel” som Guttorm omtalar han i sitt eige Magnuskvad. Og ute på gravplassen får vi høyra kva fleire sentrale gravminne fortel.
«Kong Magnus ville alle vel, men korleis påverka endringar i lovverket livet til vanlege folk? Professor emeritus John Ragnar Myking kjenner Hardanger godt. Han er opptatt av korleis hardingane fekk merka skiftet i synet på moral og seksualitet. Frå mellomalderen til 1600-talet gjekk kvinner som fekk barn utanfor ekteskap frå å vera krenka møyar til å vera aktive syndarar som måtte straffast hardt.»
Torgeir Landro er middelalderhistorikar og vil visa oss dei lange linjene frå Moster til Hardanger. Kristenretten vart i stor grad innført ved tvang, og samstundes har den lagt grunnlaget for vårt syn på menneske sitt verd og verdiar vi ikkje må missa. Kor står me i dag?
Temadagen laurdag på Lofthus er lagt til kyrkja og Krossvoll. På Krossvoll blir det òg servert mat, og Hardanger Historielag byr på ei rykande fersk utgåve av årboka Hardanger, i år med artikkel om Ullensvang kyrkje.
Søndagen er den vakre middelalderkyrkja i Kinsarvik arena for festgudsteneste og eit arrangement for barn og unge. Kyrkja frå 1100-talet var i si tid hovudkyrkje for heile Hardanger og er i seg sjølv ein interessant kulturskatt. Kva kunne gått tapt dersom vestveggen hadde ramla ned? Her vil merksemda særskildt være retta mot barn, unge og verdiar for framtida.
Merk deg datoane 16. og 17. november allereie no. Program og påmelding kjem seinare.
Besøk på Nes gard
Sundag 2. juni arrangerer vi besøk på Nes gard. Garden er eigd av Geirmund Nes og ligg mellom Øystese og Norheimsund (Hardanger Feriesenter). Han har bygd opp ein klosterhage og har eit privat museum med svært mange interessante gjenstandar. Dessutan er han ein...
Årsmøte 2024
Hardanger Historielag held årsmøte på Hesthamar skrivargard sundag 7. april kl 15:30. Etter årsmøtet kan de vera med på skrivargarden sitt program kl 17.00 der Guttorm Rogdaberg og Brita Jordal fortel om "Hardangerforfattaren Gro Holm - ei av fire store". Her er det...
Støtte til lokalhistorisk arbeid 2024
Hardanger Historielag støttar arbeid som fremjar gransking av historia til Hardangerbygdene, eller har som mål å spreia kunnskap om og skapa interesse for denne historia. Søknad kan sendast til Hardanger Historielag, Folkedalsvegen 286, 5736 GRANVIN...