Etter årsmøtet 2025: Møt Åse Teigland og Arne Fykse frå Hardanger folkemusikksamling
Folkemusikk, song og dans er viktige sider ved kulturen i Hardanger og for at denne kulturen skal bli hugsa, driv Hardanger Folkemusikksamling innsamling eller dokumentasjon. Åse Teigland er styreleiar for samlinga. No er dei i gang med eit nytt 3-årig prosjekt med Arne Fykse som prosjektleiar. Hardanger Historielag har støtta prosjektet økonomisk og vi ser fram til ein presentasjon i ord og tonar i eit program etter årsmøtet sundag 23. mars på Hardanger Folkemuseum.
I prosjektomtalen skriv dei: «Hardanger Spelemannslag tok i 2017 initiativ til eit dokumentasjonsprosjekt for å samla inn tradisjonelt felespel, song og dans. Spelemannslaget sitt innsamlingsprosjekt er avslutta og materialet arkivert. Men i dag er det mange unge utøvarar innan folkemusikk og folkedans i Hardanger, og arbeidet med dokumentasjon av samtidas utøvarar innan folkemusikk- og dans er på ingen måte ferdig. Hardanger folkemusikksamling ynskjer å vidareføra dette viktige arbeidet med eit 3-årig dokumentasjonsprosjekt. Det innsamla materiale vil verta arkivert ved Hardanger folkemusikksamling på Hardanger folkemuseum, Utne.»
Hardanger Folkemusikksamling vart skipa i 1984 som eit samarbeid mellom Hardanger Spelemannslag, Hardanger folkemuseum, Kvemmingen Spel- og Dansarlag og Hordaland Ungdomslag. Samlinga held til ved Hardanger folkemuseum, Utne. Hardanger Folkemusikksamling inneheld om lag 8000 enkeltkutt med folkemusikkopptak, samt ein del filmopptak med dans og spel frå Hardanger. Vidare har Hardanger Folkemusikksamling ei notesamling med tradisjonsstoff for vokal og hardingfele, m.a. Hardingfeleverket, og ei stor mengde pathefon- og grammofonplater med folkemusikk.
Årsmøte 2023
Hardanger Historielag held årsmøte på Hardanger Folkemeuseum på Utne sundag 19. mars kl 16:30. Etter årsmøtet vert det innlegg av Aud Mari Eitrheim som orienterer om 300 års-jubileet til Hesthamar Skrivargard, restaureringsarbeidet og planane framover. Ho vil også...
Haustturen til Vallavik og Hallanger
Hardanger Historielag sin tur til Vallavik og Hallanger samla i alt 50 personar søndag 21. august 2022. Paul Wallevik som eig garden og husa i Vallavik no, tok raust imot oss i den gamle løa som han prøver å gjera til eit lite kultursenter. Dagen før hadde prosjektet...
Årboka HARDANGER 2022
Alle medlemer skal no ha fått årboka 2022 i posten. Om du saknar årboka for 2022, kan det vera at vi har feil adresse. Kanskje har du flytta, fått ny adresse eller fått postboks? Vi ber dykk senda adresse-endring i e-post til [email protected] eller ringja...