
Dei flotte kyrkjebåtane i Hardanger er tema før årsmøtet 3. april
I samband med årsmøtet 2022, inviterer Hardanger Historielag til foredrag om kyrkjebåtar i Hardanger.
Båtbyggjar Peter Helland Hansen ved Hardanger fartøyvernsenter omtalar foredraget sitt slik: “Bruken av kyrkjebåtar har rike tradisjonar i Hardanger. Både skriftlege og munnlege kjelder, biletkunsten, gamle fotografi og dei attlevande båtane og nausta peikar tilbake på ein stor kulturarv. Underteikna har i dei siste åra arbeid med å kartleggja desse tradisjonane og seinast i haust gjort feltarbeid for riksantikvaren. Noko av arbeidet og funna vil bli presentert i foredraget.” På fotoet ser vi Peter Helland Hansen i samtale med Joar Kvittingen som er deleigar i denne seksæringen. Foto: Lars Arvid Oma.
Arrangementet startar klokka 14.30 med foredraget som er ope for alle interesserte. Deretter avviklar vi årsmøtet klokka 15.30.
Medlemer og andre er velkomne til foredraget før årsmøtet. Fri inngang.
Støtte til lokalhistorisk arbeid
Hardanger Historielag støttar arbeid som fremjar gransking av historia til Hardangerbygdene, eller har som mål å spreia kunnskap om og skapa interesse for denne historia. Søknad kan sendast til Hardanger Historielag, Folkedalsvegen 286, 5736 GRANVIN...
Årboka HARDANGER 2021
Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Om nokon saknar ho eller har fått ny adresse i det siste, ber vi dykk senda e-post til [email protected] eller ringa oss på telefon 918 45 719. Vil du kjøpa fleire, kan du tinga på same måte. Då kjem porto i...
Vellukka årsmøte 2021
Gunnar Ingvaldsson Folkedal vart attvald som leiar i Hardanger Historielag. Også dei andre tok attval og styret kan arbeida vidare i eit godt samarbeidsklima. Ei hovudsak framover blir å få flytta bibliografien for årbøkene over frå dei gamle til dei nye heimesidene...


