Bli med Hardanger Historielag til Viketunet i Jondal

aug 28, 2025 | Nyhende

Bli med Hardanger Historielag til Viketunet i Jondal

28.08.25 | Nyhende

Tid: Tysdag 23. september kl 12:00–14.30. NB! Påmelding innan 18.09. grunna mat.

Det finst mange interessante historier om folk som har utvandra til Amerika. Viketunet i sentrum av Jondal har i sommar hatt ei spesiell utstilling i samband med Utvandrarjubileet. Eit imponerande arbeid er gjort i samarbeid mellom Aktivitetslaget i tunet, elevar ved Jondal skule og andre lokale informantar. Utstillinga viser også mange spesielle åkle. Mange av dykk har sikkert alt lese om dette i Hardanger Folkeblad eller Hordaland Folkeblad.

Olaug Værland

Olaug Værland

Sommarsesongen er over, men Olaug Værland og Aktivitetslaget har invitert oss til eit eige opplegg og ei trivelege stund i Jondal. Olaug vil fortelja om utstillinga og nokre utvandrarhistorier frå Jondal, vi får servert god lunsj (lapskaus, kaffi/kaffimat) og vi får tid til prat og til å sjå oss om i Viketunet.

Pris for inngang og mat: kr 230,-.  Betalast med Vipps til Viketunet aktivitetslag 834953.

Bindande påmelding innan 19. september til Jon Larsgard: SMS/telefon 928 43 671 eller [email protected]. Ope for alle interesserte, medlemer av historelaget og andre.

Helsing styret i Hardanger Historielag
v/ Brita Jordal

Foto: Maren Espedal Mille

Årboka HARDANGER 2024

Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Men saknar du ho må du melda frå til leiar Gunnar I. Folkedal på telefon 918 45 719 eller e-post [email protected]. Det kan vera at vi har feil postadresse til deg, - har du flytta kanskje? Eller det kan ha...

Andre aktuelle saker