
Bli med Agnete på omvising i utstillinga Opplut og belte
Søndag 3. oktober kl 14.30 på Hardanger Folkemuseum, Utne.
Programmet er ope for alle interesserte. Hardanger Historielag spanderer inngangsbilletten. I etterkan er det årsmøte for medlemene i Hardanger Historielag.
Hardanger folkemuseum hadde stor suksess med utstillinga 1000 bringklutar. I år har dei opna utstillinga Opplut og belte der dei har henta fram unike ting frå samlingane. Nesten alt museet har av belte, opplutar og sjonaleister er tatt fram. Noko går heilt tilbake til 1600-talet. Det har lenge vore rom for variasjon og kreativitet.
Museumsstyrar Agnete Sivertsen kjenner bunads-samlingane i detalj. Vi får innblikk i ord som livkjole, liv, vest og opplut i materiale som silke, fløyel, damask og kalemank. Sne og kvarding blir òg forklart. Nesten hundre opplutar er vist fram i utstillinga.
Belte finst i eit mangfald av teknikkar; krossting, smøyg, vevde belte og perlebelte som er sydd, tredd eller vevd. Motiva er geometriske figurar som kross, åttebladroser og rombeformer. Det var ikkje vanleg å ha same mønster på bringklut og belte tidlegare. Agnete er open for at vi kjem med spørsmål og synspunkt på dette.
Årboka HARDANGER 2021
Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Om nokon saknar ho eller har fått ny adresse i det siste, ber vi dykk senda e-post til [email protected] eller ringa oss på telefon 918 45 719. Vil du kjøpa fleire, kan du tinga på same måte. Då kjem porto i...
Vellukka årsmøte 2021
Gunnar Ingvaldsson Folkedal vart attvald som leiar i Hardanger Historielag. Også dei andre tok attval og styret kan arbeida vidare i eit godt samarbeidsklima. Ei hovudsak framover blir å få flytta bibliografien for årbøkene over frå dei gamle til dei nye heimesidene...
Årsmøte 2021
Hardanger Historielag held utsett årsmøte på Hardanger Folkemeuseum på Utne sundag 3. oktober kl 15:30. Kl 14:30 vert det open omvisning i utstillinga Opplut og belte med Agnete Sivertsen. Fra pressemeldinga sendt ut i samband med denne omvisninga: Hardanger...


