Bli med Agnete på omvising i utstillinga Opplut og belte

30.09.21 | Arkiv, Nyhende

Søndag 3. oktober kl 14.30 på Hardanger Folkemuseum, Utne.

Programmet er ope for alle interesserte. Hardanger Historielag spanderer inngangsbilletten. I etterkan er det årsmøte for medlemene i Hardanger Historielag.

Hardanger folkemuseum hadde stor suksess med utstillinga 1000 bringklutar. I år har dei opna utstillinga Opplut og belte der dei har henta fram unike ting frå samlingane. Nesten alt museet har av belte, opplutar og sjonaleister er tatt fram. Noko går heilt tilbake til 1600-talet. Det har lenge vore rom for variasjon og kreativitet.

Museumsstyrar Agnete Sivertsen kjenner bunads-samlingane i detalj. Vi får innblikk i ord som livkjole, liv, vest og opplut i materiale som silke, fløyel, damask og kalemank. Sne og kvarding blir òg forklart.  Nesten hundre opplutar er vist fram i utstillinga.

Belte finst i eit mangfald av teknikkar; krossting, smøyg, vevde belte og perlebelte som er sydd, tredd eller vevd. Motiva er geometriske figurar som kross, åttebladroser og rombeformer. Det var ikkje vanleg å ha same mønster på bringklut og belte tidlegare. Agnete er open for at vi kjem med spørsmål og synspunkt på dette.

Årboka HARDANGER 2022

Årboka HARDANGER 2022

Alle medlemer skal no ha fått årboka 2022 i posten. Om du saknar årboka for 2022, kan det vera at vi har feil adresse. Kanskje har du flytta, fått ny adresse eller fått postboks? Vi ber dykk senda adresse-endring i e-post til [email protected] eller ringja...