Årsmøte 2024
Hardanger Historielag held årsmøte på Hesthamar skrivargard sundag 7. april kl 15:30.
Etter årsmøtet kan de vera med på skrivargarden sitt program kl 17.00 der Guttorm Rogdaberg og Brita Jordal fortel om “Hardangerforfattaren Gro Holm – ei av fire store”. Her er det gjerne lurt å skaffa seg billettar på førehand på tikkio.com/tickets. Det blir kafé etter årsmøtet og etter programmet.
Les meir om arrangementet og billettkjøp: https://www.hesthamar-skrivargard.no/programpostar/kvardag-og-rettssaker-p-hesthamar-p-1700-talet-lcfla
Etter årsmøtet 2025: Møt Åse Teigland og Arne Fykse frå Hardanger folkemusikksamling
Folkemusikk, song og dans er viktige sider ved kulturen i Hardanger og for at denne kulturen skal bli hugsa, driv Hardanger Folkemusikksamling innsamling eller dokumentasjon. Åse Teigland er styreleiar for samlinga. No er dei i gang med eit nytt 3-årig prosjekt med...
Årsmøtesak: vedtektsendring. Kunngjering av utsett søknadsfrist for støtte til lokalhistorisk arbeid
Hardanger historielag held årsmøte på Hardanger folkemuseum på Utne søndag 23.mars kl 16.30. I tillegg til vanlege årsmøtesaker fremjar styret dette framlegget til endring i vedtektene. Noverande tekst: 1 Føremål Hardanger Historielag har til føremål å fremja...
Årboka HARDANGER 2024
Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Men saknar du ho må du melda frå til leiar Gunnar I. Folkedal på telefon 918 45 719 eller e-post [email protected]. Det kan vera at vi har feil postadresse til deg, - har du flytta kanskje? Eller det kan ha...