
Årsmøte 2023
Hardanger Historielag held årsmøte på Hardanger Folkemeuseum på Utne sundag 19. mars kl 16:30.
Etter årsmøtet vert det innlegg av Aud Mari Eitrheim som orienterer om 300 års-jubileet til Hesthamar Skrivargard, restaureringsarbeidet og planane framover. Ho vil også orientera om prosjektet “Rettsløype- ei reise gjennom rettshistorie i Hardanger”.
Randi Jåstad vil orientera om Kvam Mållag sitt dialektprosjekt. Eit eksempel på Strandebarmsdelen av prosjektet kan du sjå her: https://sites.google.com/view/dialektstrandebarm/start
Støtte til lokalhistorisk arbeid
Hardanger Historielag støttar arbeid som fremjar gransking av historia til Hardangerbygdene, eller har som mål å spreia kunnskap om og skapa interesse for denne historia. Søknad kan sendast til Hardanger Historielag, Folkedalsvegen 286, 5736 GRANVIN...
Årboka HARDANGER 2021
Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Om nokon saknar ho eller har fått ny adresse i det siste, ber vi dykk senda e-post til [email protected] eller ringa oss på telefon 918 45 719. Vil du kjøpa fleire, kan du tinga på same måte. Då kjem porto i...
Vellukka årsmøte 2021
Gunnar Ingvaldsson Folkedal vart attvald som leiar i Hardanger Historielag. Også dei andre tok attval og styret kan arbeida vidare i eit godt samarbeidsklima. Ei hovudsak framover blir å få flytta bibliografien for årbøkene over frå dei gamle til dei nye heimesidene...


