Årboka HARDANGER 2024

25.11.24 | Nyhende

Alle medlemer skal no ha fått årboka i posten. Men saknar du ho må du melda frå til leiar Gunnar I. Folkedal på telefon 918 45 719 eller e-post [email protected]. Det kan vera at vi har feil postadresse til deg, – har du flytta kanskje? Eller det kan ha blitt ei anna feil i utsendinga.
 
Vi gjer merksam på ei feil i teksten til fotoet på framsida: Vi ser Solveig og Sjur Varberg, ikkje Marita Aasnes og Sjur Varberg som står trykt.
 
Viktig: Betalingsfrist for medlemspengar er den 15. desember. Betal kr 270, så er du sikra årbok til neste år også.
  
Vil du kjøpa årboka Hardanger 2024, får du ho til kr 310,- i desse butikkane/musea:
  • Hardanger folkemuseum, Utne
  • Huus Bokhandel, Øystese
  • Coop Prix Jondal
  • Mathuset Grimo
  • SPAR Nå
  • SPAR Kinsarvik
  • SPAR Norheimsund
  • Vossevangen Norli, Voss
  • Ark Amfi Voss
  • Coop Prix Granvin
  • Norli Odda
  • Bunnpris Ullensvang – Lofthus
  • Coop Prix Ulvik
  • Coop Prix Eidfjord
Vil du ha boka tilsendt, kan vi senda med tillegg for frakt. Kontakt leiar Gunnar I. Folkedal på telefon 918 45 719 eller [email protected].

Hotell i særklasse

Laurdag 15. april ynskjer Hardanger Historielag, Kraftmuseet og Sentralbadet Litteraturhus i Odda velkomen til temadag om Hotel Hardanger og andre Hardanger-hotell med arkitekt Jess sin signatur. Billettar, kr 200,- / honnør 150,-, kan kjøpast på TicketCo «Hotell i...

Årsmøte 2023

Hardanger Historielag held årsmøte på Hardanger Folkemeuseum på Utne sundag 19. mars kl 16:30. Etter årsmøtet vert det innlegg av Aud Mari Eitrheim som orienterer om 300 års-jubileet til Hesthamar Skrivargard, restaureringsarbeidet  og planane framover. Ho vil også...

Haustturen til Vallavik og Hallanger

Hardanger Historielag sin tur til Vallavik og Hallanger samla i alt 50 personar søndag 21. august 2022. Paul Wallevik som eig garden og husa i Vallavik no, tok raust imot oss i den gamle løa som han prøver å gjera til eit lite kultursenter. Dagen før hadde prosjektet...

Andre aktuelle saker