Årboka HARDANGER 2022

17.11.22 | Arkiv, Nyhende

Alle medlemer skal no ha fått årboka 2022 i posten.

Om du saknar årboka for 2022, kan det vera at vi har feil adresse. Kanskje har du flytta, fått ny adresse eller fått postboks? Vi ber dykk senda adresse-endring i e-post til [email protected] eller ringja oss på telefon 918 45 719 for å melda rett postadresse. Vi får diverre ein del bøker i retur.

Kjenner du til at medlemer er gått bort, er vi takksame for å få melding slik at medlemsregisteret vert oppdatert.

Vil du kjøpa fleire årbøker, kan du tinga på same måte, men då kjem porto i tillegg.

Årboka er også til sals for kr 310,- i desse butikkane frå fredag den 18. november:

  • Hardanger Folkemuseum, Utne
  • Huus Bokhandel, Øystese
  • Hardanger fartøyvernsenter
  • Coop Prix Jondal
  • Mathuset Grimo
  • SPAR Nå
  • SPAR  Kinsarvik
  • Vossevangen Norli
  • Coop Ålvik
  • Coop Granvin
  • Handel & Handverk, Wollert Nordahl, Ulvik
  • Handel & Handverk, Wollert Nordahl, Eidfjord
  • Norli Odda
  • Bunnpris Lofthus

 

Støtte til lokalhistorisk arbeid

Støtte til lokalhistorisk arbeid

Hardanger Historielag støttar arbeid som fremjar gransking av historia til Hardangerbygdene, eller har som mål å spreia kunnskap om og skapa interesse for denne historia. Søknad kan sendast til Hardanger Historielag, Folkedalsvegen 286, 5736 GRANVIN...