Årboka HARDANGER 2022
Alle medlemer skal no ha fått årboka 2022 i posten.
Om du saknar årboka for 2022, kan det vera at vi har feil adresse. Kanskje har du flytta, fått ny adresse eller fått postboks? Vi ber dykk senda adresse-endring i e-post til [email protected] eller ringja oss på telefon 918 45 719 for å melda rett postadresse. Vi får diverre ein del bøker i retur.
Kjenner du til at medlemer er gått bort, er vi takksame for å få melding slik at medlemsregisteret vert oppdatert.
Vil du kjøpa fleire årbøker, kan du tinga på same måte, men då kjem porto i tillegg.
Årboka er også til sals for kr 310,- i desse butikkane frå fredag den 18. november:
- Hardanger Folkemuseum, Utne
- Huus Bokhandel, Øystese
- Hardanger fartøyvernsenter
- Coop Prix Jondal
- Mathuset Grimo
- SPAR Nå
- SPAR Kinsarvik
- Vossevangen Norli
- Coop Ålvik
- Coop Granvin
- Handel & Handverk, Wollert Nordahl, Ulvik
- Handel & Handverk, Wollert Nordahl, Eidfjord
- Norli Odda
- Bunnpris Lofthus
Hotell i særklasse
Laurdag 15. april ynskjer Hardanger Historielag, Kraftmuseet og Sentralbadet Litteraturhus i Odda velkomen til temadag om Hotel Hardanger og andre Hardanger-hotell med arkitekt Jess sin signatur. Billettar, kr 200,- / honnør 150,-, kan kjøpast på TicketCo «Hotell i...
Årsmøte 2023
Hardanger Historielag held årsmøte på Hardanger Folkemeuseum på Utne sundag 19. mars kl 16:30. Etter årsmøtet vert det innlegg av Aud Mari Eitrheim som orienterer om 300 års-jubileet til Hesthamar Skrivargard, restaureringsarbeidet og planane framover. Ho vil også...
Haustturen til Vallavik og Hallanger
Hardanger Historielag sin tur til Vallavik og Hallanger samla i alt 50 personar søndag 21. august 2022. Paul Wallevik som eig garden og husa i Vallavik no, tok raust imot oss i den gamle løa som han prøver å gjera til eit lite kultursenter. Dagen før hadde prosjektet...