Velkomen til historiekveld på Hotel Ullensvang, Lofthus, den 27. april

13. apr 2026 | Nyhende

Velkomen til historiekveld på Hotel Ullensvang, Lofthus, den 27. april

13.04.26 | Nyhende

Hardanger Historielag og Hotel Ullensvang inviterer til historiekveld med Ingvil Bjørnæs: Frøken Storm og frøken Vildensky – to personlegdomar på Lofthus

For mange år sidan var frøken Storm og frøken Vildensky to “kjendisar” på Lofthus. Frøken Storm var ein anerkjend pianist og heitte eigentleg Nanne Storm. Ho kom til Lofthus som turist alt i 1896 og budde her ein vinter, samtidig med Edvard og Nina Grieg. Her vart ho kjend med den unge Gudrun Utne som var dotter av styrarparet på Hotel Ullensvang. Gudrun vart Nanne si næraste veninne. Dei budde mange år i Oslo (Kristiania) og skapte kvar sine karrierar, men kom stadig tilbake til Hardanger. Gudrun gjekk under kallenamnet “frøken Vildensky” lokalt.

Dei som nokosinne trefte Nanne Storm (1873-1953) eller Gudrun Utne (1880-1968) har ikkje gløymt dei – dette var to spesielle personlegdommar.

Pianisten Nanne Storm var frå Kragerø og vart fast sommargjest på Lofthus. På sine eldre dagar slo ho seg ned for godt, og for mange barn langs Sørfjorden vart ho ein omsorgsfull og personleg engasjert pianolærar som spreidde musikkglede rundt seg. Ho la aldri musikken på hylla og bidrog til lokalt kulturliv gjennom undervisning, foredrag og konsertar, mellom anna på Krossvoll og Hordatun.

Gudrun Utne styrde Hotel Ullensvang saman med mor si fram til ca 1920 og fekk ein solid yrkeserfaring som ho tok med seg då ho fekk jobben med å byggja opp sjølvaste Stortingsrestauranten. Ho var ei utettervend og myndig kvinne med godt humør og meiningar om mangt, men også evne til å sjå kvar enkelt og ta vare på folk anten dei var stortingsrepresentantar eller ungdom frå Lofthustraktene som flytta til byen. Med veremåten og personlegdommen sin, fekk ho ei stor kontaktflate blant journalistar og politikarar frå heile landet, og ho vart godt synleg i media. Gudrun gjekk av som styrar for Stortingsrestauranten i 1947 og flytta til Lofthus der ho budde til 1968. Nanne og Gudrun ligg ved sida av kvarandre på kyrkjegarden.

Ingvil Bjørnæs har slektsband tilbake til Utne-familien på Lofthus og har skrive to artiklar i dei siste årbøkene til Hardanger Historielag. No kjem ho til Lofthus  for å fortelja om dei spesielle damene. Hotel Ullensvang og Hardanger historielag er vertskap den 27. april frå klokka 17.30. Foredraget startar kl 18. I halvtimen før serverer hotellet kake og kaffi på billetten som du kjøper i resepsjonen. Inngang kr 150,-. Arrangementet er ope for alle interesserte.

Det er aldri skrive samla biografiar om Nanne og Gudrun. Men Ingvil Bjørnæs har plukka frå eit overraskande stort kjeldemateriale som har gjort det mogleg å pusle saman dei to livshistoriene.

Magne Digranes, mangeårig musikklærar i Ullensvang, vil krydra kvelden med musikalske innslag komponert av Edvard Grieg.

Velkomne!

Svart/kvitt-foto: Bernhard Greve, eigar: Hardanger og Voss museum

Kulturkvelden med Jørn Øyrehagen Sunde trekte fullt hus

Kulturkvelden med Jørn Øyrehagen Sunde trekte fullt hus

Det vart fullt hus og kraftig applaus i Espe Grannahus fredag 25. september. Nær hundre fekk oppleva Jørn Øyrehagen Sunde i eit svært fengslande og ofte humoristisk foredrag om den vonde Kari Knutsdatter og hennar samtid. Sunde fortalde om ein tidsperiode der folk var...

Velkomen til kulturkveld i Espe Grannahus

Velkomen til kulturkveld i Espe Grannahus

Fredag den 25. september kjem professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde til Espe. I 2025 gav han ut boka “Forsvarstale for eit vondt menneske - ei kvinnehistorie frå 1700-talet”. Denne historia utspelar seg i Sørfjorden. Øyrehagen Sunde er kjend som ein drivande...

Velkomen til årsmøte og kulturprogram

Velkomen til årsmøte og kulturprogram

Sundag 22. mars 2026 på Hardanger Folkemuseum, inngang på baksida. Klokka 16.30   Årsmøte. Kaffi/te og enkel servering etter møtet. Klokka 17.30   Johild Mæland held føredrag med tittelen Roser, kunst og kroting. Føredraget er ope for alle interesserte, så ta gjerne...

Andre aktuelle saker