Velkomen til årsmøte og kulturprogram

20. feb 2026 | Nyhende

Velkomen til årsmøte og kulturprogram

20.02.26 | Nyhende

Sundag 22. mars 2026 på Hardanger Folkemuseum, inngang på baksida.

Klokka 16.30   Årsmøte. Kaffi/te og enkel servering etter møtet. 
Klokka 17.30   Johild Mæland held føredrag med tittelen Roser, kunst og kroting. Føredraget er ope for alle interesserte, så ta gjerne med deg andre. 

Johild Mæland er glad i fargar og er ein kunstnar, kunsthistorikar, lærar og dekormålar som opererer både i dei store salar og i dei små stover. Ho er trygg på tradisjonar, men er òg nyskapande. Ho har utført restaureringsarbeid ved Utne Hotel, Trudvang Ungdomshus i Granvin, Naturhistorisk Museum i Bergen og Hanseatisk Museum i Bergen. Mange har òg hatt ho som lærar, fått restaurert kister og skrin hjå ho, eller kjøpt seg eit av hennar mange kunstverk. I føredraget drar ho liner til gjenstandar i museumsutstillinga Dekor på tre, fortel om kroting i røykstover,  om restaureringsoppdrag med ådring og dekormåling, og viser korleis ho brukar rosemåling som element i eigne måleri.

Johild har eit alsidig utdannings- og yrkesliv bak seg. Ho har utdanning i rosemåling og gamle målingsteknikkar, ho er lærar, er utdanna kunstnar og kunsthistorikar, og har studert og gjenskapt kroting i gamle røykstover. Alt i gymnastida fekk ho interesse for rosemåling og gjekk eit år på rosemålingslina ved yrkesskulen på Sand i Ryfylke. Seinare lærde ho gamle malingsteknikkar ved eit årsstudium i Sverige og ho har utført retusjering, nymaling og rekonstruksjonar på bygg og dekormåla gjenstandar. Johild har utvikla eigen karriære som biletkunstnar og er aktiv i Hardingpuls. 

Ta gjerne ein kikk på den imponerande CV-en hennar:  https://www.johildmaeland.no/about

Årboka HARDANGER 2025

Årboka HARDANGER 2025

Årboka var tidleg ferdig i år og er sendt ut til alle medlemer. Knut Markhus held fram som redaktør, men grafisk utforming er ved L J Aga Reklame i Granvin og trykkeriet er Printfarm AS i Øvre Årdal. Vi i styret håpar du er nøgd med produktet, men tek gjerne imot...

Bli med Hardanger Historielag til Viketunet i Jondal

Bli med Hardanger Historielag til Viketunet i Jondal

Tid: Tysdag 23. september kl 12:00–14.30. NB! Påmelding innan 18.09. grunna mat. Det finst mange interessante historier om folk som har utvandra til Amerika. Viketunet i sentrum av Jondal har i sommar hatt ei spesiell utstilling i samband med Utvandrarjubileet. Eit...

Andre aktuelle saker

Årboka HARDANGER 2025

Årboka HARDANGER 2025

Årboka var tidleg ferdig i år og er sendt ut til alle medlemer. Knut Markhus held fram som redaktør, men grafisk utforming er ved L J Aga Reklame i Granvin og trykkeriet er Printfarm AS i Øvre Årdal. Vi i styret håpar du er nøgd med produktet, men tek gjerne imot...