Utlysing av midlar 2019

09.02.19 | Arkiv

Har du eit lokalhistorisk prosjekt på gang ? Hardanger Historielag støttar arbeid som fremjar gransking av historia til Hardangerbygdene, eller har som mål å spreia kunnskap om og skapa interesse for denne historia.

Send søknad til Hardanger Historielag, 5777 GRIMO eller   [email protected]

Søknaden skal innehalda budsjett og finansieringsplan for prosjektet

 

Kulturkvelden med Jørn Øyrehagen Sunde trekte fullt hus

Kulturkvelden med Jørn Øyrehagen Sunde trekte fullt hus

Det vart fullt hus og kraftig applaus i Espe Grannahus fredag 25. september. Nær hundre fekk oppleva Jørn Øyrehagen Sunde i eit svært fengslande og ofte humoristisk foredrag om den vonde Kari Knutsdatter og hennar samtid. Sunde fortalde om ein tidsperiode der folk var...

Velkomen til kulturkveld i Espe Grannahus

Velkomen til kulturkveld i Espe Grannahus

Fredag den 25. september kjem professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde til Espe. I 2025 gav han ut boka “Forsvarstale for eit vondt menneske - ei kvinnehistorie frå 1700-talet”. Denne historia utspelar seg i Sørfjorden. Øyrehagen Sunde er kjend som ein drivande...